HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarOmrådeplan for Rylandshøgda - Offentleg ettersyn

Områdeplan for Rylandshøgda - Offentleg ettersyn

Formannskapet i Meland vedtok i møte 20.04.2016 at det skal utarbeidast ein kommunal områdeplan for Rylandshøgda. Formannskapet har vore styringsgruppe for arbeidet. Planframlegget legg til rette for utvikling av områdesenter Vikebø gjennom detaljregulerte bustadområde, og opning for detaljregulering av nye område for konsentrert busetnad med tilhøyrande infrastruktur.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Oppstartsmelding 07.04.16
  2. Høyringsinnspel ved oppstart, datert 29.04.19
  3. Planvedtak, offentleg ettersyn 1. gongshandsaming datert 07.05.19
  4. Plankart, datert 29.04.19
  5. Planomtale, datert 29.04.19
  6. Reguleringsføresegner, datert 29.04.19
  7. VA-rammeplan, fagnotat, datert 18.01.19
  8. VA-rammeplan, avrenningskart, datert 18.01.19
  9. VA-rammeplan, vass og avlaupskart, datert 18.01.19

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa 28.05.2019 og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg også til gjennomsyn i resepsjonen på Rådhuset.

Folkemøte
Grunneigarar og naboar vert invitert til informasjonsmøte på Rossland skule onsdag 5. juni klokka 19.00. Her vil administrasjonen presentera planframlegget og saman med ordføraren svara på spørsmål frå salen.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 28.05.19 – 09.07.19

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til postmottak@meland.kommune.no eller sende brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug. Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 09.07.19


Sist oppdatert: 05.06.2019
Publisert: 28.05.2019