HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarReguleringsplan for Fossesjøen – Høyring og offentleg ettersyn

Reguleringsplan for Fossesjøen – Høyring og offentleg ettersyn

I medhald av plan- og bygningslova § 12- 10 har Kommunestyret 15.05.2019, som sak 24/2019, gjort vedtak om å leggje planframlegg ut til offentleg ettersyn.
Publisert: 28.05.2019
Sist endra: 28.05.2019

Føremålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for 164 bustader i form av blokkbebyggelse/rekkehus, eine- og tomannsbustader med tilhøyrande leikeplass og infrastruktur. Planområde regulerer for nokre fritidsbustader, som er ei vidareføring av eksisterande bruk. Aust i planområde er det tilrettelagt for fire naust. Planområde er på om lag 141 daa.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart, datert 21.05.19
  2. Reguleringsføresegner, datert 21.05.19
  3. Planskildring, datert 21.05.19
  4. Illustrasjonsplan, datert 21.05.19
  5. Notat trygg skuleveg - Fossesjøen, datert 17.01.19
  6. Merknadsskjema til varsel om oppstart
  7. Referat frå oppstartsmøte, datert 07.09.2015
  8. Planvedtak, datert 15.05.2019

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa strilen og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg også til gjennomsyn i resepsjonen på Rådhuset.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 28.05.19 – 09.07.19

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til postmottak@meland.kommune.no, eller sende brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug. Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 09.07.19.