HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedteken reguleringsplan for KV1133 Myrvollane til Hestdal

Kunngjering av vedteken reguleringsplan for KV1133 Myrvollane til Hestdal

Publisert: 03.01.2019
Sist endra: 03.01.2019

I medhald av plan- og bygningslova § 12- 12 har Meland kommunestyre 12.12.2018, som sak 89/2018, vedtatt følgjande reguleringsplan: Reguleringsplan for KV 1133 Myrvollane til Hestdal med slikt vedtak:

 «Meland kommunestyret godkjenner framlegg til reguleringsplan for KV. 1133 Myrvollane til Hestdal, planid. 1256 2018 0003, som vist på plankart med siste revisjonsdato 14.11.2018 og med reguleringsføresegner av revisjonsdato 19.11.2018. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 12-12».

Planen legg til rette for bygging av nytt vassbehandlingsanlegg på Hestdal og for omlegging av Håtuftvegen i samband med framføring av VA-leidningar. Tiltakshavar er Meland kommune, medan utførande konsulent er Norconsult AS.

Planvedtaket omfattar følgjande dokument:

Planvedtak og godkjent reguleringsplan er lagt i resepsjonen på rådhuset, og i digitalt planarkiv www.nordhordlandskart.no/pr

Vedtaket er eit enkelt vedtak som kan påklagast, jf. Forvaltningslova § 28.

Eventuelle klager må vere skriftleg og skal sendast til:

Meland kommune
Plan, utbygging og kommunalteknikk
Postboks 79, 5906 Frekhaug,

Eller som e-post til postmottak@meland.kommune.no

Klagefrist er sett til 04.02.2019

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-3, og krav om innløysing etter § 15-2, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.