HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring – forslag til forskrift om vass- og avløpsgebyr i Alver

Høyring – forslag til forskrift om vass- og avløpsgebyr i Alver

Bakgrunnen for saka er at Radøy, Meland og Lindås i dag har kvar sine lokale forskrifter som fastslår ulike reglar for utrekning av vass- og avløpsgebyr. I Alver kommune må det vere felles reglar. Programansvarleg for kommunesamanslåinga har derfor sett i gang eit arbeid med å utarbeide eit nytt, felles regelverk.

Samordningsarbeidet har i størst mogeleg grad vidareført reglar som i dag er felles for minst to kommunar. Utover dette er forskriftsteksten oppdatert i tråd med sentrale lover og forskrifter på området.

Eksempel på forskriftstekst er forslag om at gebyret for bustader skal reknast ut frå bruksareal, etter ei inndeling på bueiningar inntil 90 m2 og over 90 m2. Vidare at gebyra blir fordelt på tre betalingsterminar per år. Forskrifta inneheld ingen betalingssummar.  Gebyrsatsane blir handsama gjennom eiga sak om gebyrregulativ i Alver kommunestyre.

Forskrifta blir med dette lagt ut på høyring med frist for merknader sett til 30. august 2019. Dette i tråd med Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg §§ 3 og 5, og forvaltningslova kapittel VII.

Etter at høyringsfristen er gått ut, vil saka og eventuelle merknader bli lagt fram for Alver kommunestyre for vedtak.

Vedlegg: Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Alver kommune 

 

Eventuelle merknader eller innspel må sendast til postmottak@meland.kommune.no innan 30. august 2019, eller til Meland kommune, postboks 79, 5906 Frekhaug.

Kontaktperson ved eventuelle spørsmål: økonomisjef Sveinung Kvamme i Radøy kommune, sveinung.kvamme@radoy.kommune.no, telefon: 56 34 90 40.


Sist oppdatert: 03.06.2019
Publisert: 27.05.2019