HeimPolitikk, administrasjon og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljregulering fv. 564/244 Frekhaugkrysset – Høyring og offentleg ettersyn

Detaljregulering fv. 564/244 Frekhaugkrysset – Høyring og offentleg ettersyn

Planområdet er på om lag 210 daa og gjeld delar av fv. 564 (350 meter) forbi Frekhaug sentrum og delar av fv. 244 (850 meter) fram til snusløyfe for buss ved Sagstad skule/Meland Aktiv. Føremålet med planarbeidet er å gjere om Frekhaugkrysset på fv. 564 til ei rundkøyring og kople på fv. 244 inn på rundkøyringa. Det blir satt av areal til gjennomgåande gang- og sykkeltilbod både på fv. 564 og fv. 244 opp til skulen og idrettsanlegget, og areal til framtidig mogleg ombygging av kollektivhaldeplassen ved Frekhaug sentrum.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart 1, datert 25.03.19
  2. Plankart 2, datert 25.03.19
  3. Reguleringsføresegner, datert 25.03.19
  4. Tekniske teikningar, datert 25.03.19
  5. Planomtale, datert 25.03.19
  6. Fagrapport geoteknisk, datert 08.11.17
  7. Kulturhistoriske registreringar
  8. ROS-analyse, datert 20.02.19
  9. Støyrapport, datert 23.10.18
  10. VA- Rammeplan, datert 20.02.19
  11. Notat - Geoteknisk
  12. Notat - Tolkning av grunnforhorhold
  13. Planvedtak, datert 11.06.19

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i Avisa Nordhordland og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentleg instansar vert direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg også til gjennomsyn i resepsjonen på Rådhuset. Dokumenta ligg også tilgjengeleg på Statens vegvesen si heimeside.

Ope kontordag

Det blir i samband med offentleg ettersyn halde ope kontordag med Statens vegvesen på Meland rådhus, torsdag 29.08.2019, frå klokka 14.00 – 17.00.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 19.06.2019 - 02.09.2019

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, sende e-post til postmottak@meland.kommune.no eller brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug.

Merknadsfrist er sett til 02.09.2019


Sist oppdatert: 19.06.2019
Publisert: 18.06.2019