Borgarleg vigsel

Prøvingsattest

For å inngå ekteskap i Noreg, må det først vurderast om ekteskapsvilkåra er oppfylte. Dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkåra og vert gjort av folkeregisteret ved det regionale skattekontoret. På bakgrunn av prøvinga, vil folkeregisteret kunne skrive ut ein prøvingsattest. Denne er gyldig i 4 månader frå utskriving.

Nødvendige skjema og svar på spørsmål knytt til prøvinga

Svar på spørsmål knytta til prøvinga, samt nødvendige skjema finn de på:

Sjå også:

Prøvingsattest sendast vigslar

Original prøvingsattest må sendast vigslar i god tid før vigselen.

Dersom de har mottatt elektronisk prøvingsattest vel de sjølv om de vil sende attesten digitalt (tilrår kryptert e-post) eller som brevpost.

Prøvingsattest sendast til:
Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

postmottak@meland.kommune.no 

Når vi har mottatt prøvingsattest sender vi dykk endeleg stadfesting av tidspunkt for vigselen.

Bestille tid for vigsel

Skjema for bestilling av vigselsseremoni

Utfylt skjema kan de sende til postmottak@meland.kommune.no.

Vi vil sende dykk skriftleg stadfesting av tidspunkt for vigselen.

Andre krav til dokumentasjon

På vigselsdagen må brudeparet vise fram legitimasjon til vigslar. Vi godtar gyldig pass (ikkje naudpass), norsk førarkort og bankkort med bilete og personnummer.

På kva for dagar kan vi gifte oss?

Det er lagt opp til borgarleg vigsel på fredagar frå klokka 12.00 – 15.00.

Kva kostar det å gifte seg?

Det er gratis å gifte seg i Meland kommune, anten brudeparet er busett her eller ikkje.

Vitne

Det skal vere to vitne til stades under vigselen. Dette kan vere forlovarane eller to andre myndige personar brudeparet har med seg.

Om sjølve seremonien på formannskapssalen

Formannskapssalen ligg i 2. etasje på rådhuset. Lokalet er lyst og fint og har eit moderne preg. Det er god plass til eventuelle bryllaupsgjester (rundt 30 sitjeplassar).

Paret med følgje må møte i god tid før avtalt tid for vigsel. På rådhuset har vi eit tilgangssystem der alle gjestar må innregistrere seg i resepsjonen. Ta difor høgde for dette dersom det er eit stort bryllupsfølgje.

Sjølve seremonien tar ca 15 minutt. Det borgarlege vigselsfomularet blir lest opp og deretter blir paret spurt om dei vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar paret, dei to vitna og vigslaren vigselsprotokollen. Paret får etter dette med seg ein mellombels vigselsattest. Endeleg vigselsattest vert ettersendt frå folkeregisteret.

 

Kunstarleg innslag

Som del av seremonien ønskjer enkelte par å inkludere musikk, diktlesing eller liknande. Dersom det er ønske om slike innslag eller til dømes utveksling av ringar, må de gi melding om dette på førehand. (Det er brudefolket sjølv som må ta ansvar for eventuelle kunstarlege innslag.)

Fotografering

Fotografering og filming under og etter seremonien kan skje i forståing med brudeparet.

Kven er godkjente vigslarar i Meland kommune?

  • Ordførar Øyvind Oddekalv
  • Varaordførar Nils Marton Aadland
  • Konstituert HR- og organisasjonssjef Guro Osnes

Kontakt


Sist oppdatert: 23.05.2019
Publisert: 26.04.2018