HeimPolitikk, administrasjon og høyringarBeredskapKommunalt beredskapsarbeid - kommunal kriseleiing

Kommunalt beredskapsarbeid - kommunal kriseleiing

Viktige dokument er samla i ein perm/handbok, sjå innhaldsliste for denne her. Det ligg mellom anna føre tiltaksplanar for drift av sårbare område som vassforsyning og straum, og også planar for drift av Meland sjukeheim og Meland heimeteneste i ein krisesituasjon. Andre viktige overordna planar er til dømes smittevernplan, informasjonsplan og atomberedskapsplan.

Kommunal kriseleiing (KKL) vil spele ei heilt sentral rolle dersom ein krisesituasjon skulle oppstå. Det er rådmannen som er leiar i KKL. Han skal mellom anna syte for varsling etter planverket, han skal leie møta i KKL, og handtere krisearbeidet på eit overordna nivå. I ein krisesituasjon har ordførar ei viktig rolle når det gjeld informasjon til involverte, pårørande og media, jamfør informasjonsplan.

Det er elles 5 fast definerte roller i KKL, som samla sett skal ivareta ulike sider ved krisearbeidet. Meland kommune har innført varsling av innbyggjarane per sms.

Overordna ROS-analyse (risiko og sårbarheit) vart gjennomført i 2013. Det pågår for tida eit arbeid med å gjennomføre tilsvarande analyse for Alver kommune, samt organisering av beredskapsarbeidet i Alver kommune frå 01.01.2020.


Sist oppdatert: 20.11.2018
Publisert: 30.10.2018