HeimPlan, bygg og eiendomReguleringsplanar

Reguleringsplanar

Kontakt

  • Kristin Nåmdal
    Samfunnsplanleggjar
    Plankontakt kommuneplan
    Plankontakt områdeplan Langelandskogen
    Telefon: 56 17 11 67
    E-post: kristin.namdal@meland.kommune.no 
  • Merethe Tvedt
    Konsulent private planar
    Plankontakt områdeplan Dalstø, Mjåtveitstø
    Plankontakt Nordhordlandspakken
    Telefon: 56 17 11 82
    E-post: merethe.tvedt@meland.kommune.no
  • Alexander Helle
    Arealplanleggjar kommunale planar
    Plankontakt områdeplan for Midtmarka og Rotemyra på Flatøy
    Plankontakt områdeplan for Rylandshøgda
    Telefon: 56 17 11 74
    E-post: alexander.helle@meland.kommune.no

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan består av eit plankart med tilhøyrande føresegner og planskildring. Plankartet viser kva type føremål som er tillate på ein eigedom, til dømes bustader, næring eller leikeareal. Føresegner og planskildring seier noko om kor mykje som kan byggast og om det til dømes er krav om opparbeiding av andre funksjonar (rekkefølgjekrav) som gangvegar, leikeplassar og liknande før ein kan sette i gang med å bygge eller folk kan flytte inn i dei nye bustadane.

Det er to typar reguleringsplanar:      

Detaljregulering (private planar)

Detaljregulering vert brukt for konkrete byggje- og anleggstiltak, for å følgje opp arealdelen i kommuneplanen eller eventuell områderegulering. Private tiltakshavarar, organisasjonar og andre mynde har rett til å fremje forslag til detaljregulering. Reguleringsplanar skal utarbeidast av fagkyndige. Prosess og krav er dei same som for ein områdeplan.

Områderegulering (kommunale planar)

Områderegulering vert nytta for eit større område der det er krav om slik plan i arealdelen til kommuneplanen, eller der kommunen finn at det er trong for ei områdevis avklaring av arealbruken. Som hovudregel er det kommunen sjølv som skal utarbeida desse planane. Områdeplanen skal  leggje til rette for vidare planlegging, utvikling og bygging, ved å bestemme dei overordna rammene – til dømes når det gjeld vegar, grøntstruktur, friluftsområde, plassering av offentlege bygningar (til dømes skule og barnehage), næringsområde, fordeling av bustadområde og så vidare. Når ein områdeplan er godkjent, må detaljplanane for delområda utarbeidast i tråd med områdeplanen.

Slik blir ein reguleringsplan utarbeidd

Ønskjer du å byggje noko i eit område, må du utarbeide ein reguleringsplan. Som regel tar ein utbyggjar initiativ til å regulere eit område i samband med utbygging av eit konkret prosjekt. Det er likevel ikkje noko krav om at ein må vere utbyggjar for å regulere. Både grunneigarar, organisasjonar, kommunen og andre kan ta initiativ til å regulere eit område. For sjølve utarbeidinga av reguleringsplanen med tilhøyrande dokument, er det fagkyndige som til dømes planleggarar, ingeniørar og arkitektar som må gjere arbeidet.

Alle planforslag skal vise konsekvensar av forslaget, det skal vere ei vurdering av om forslaget følgjer opp overordna planar, og dei må få fram kva interesser som står mot kvarandre innanfor eit område og kva ein prioriterer av desse. Til dømes kan dette vere at ein ønskjer at det skal byggast leilighetsbygg i staden for einebustader på ein eigedom.

Planavdelinga i kommunen rettleier og gjev innspel til dei fagkyndige om kva planforslaget må innehalde. Kommunestyret vedtar alle reguleringsplanar.

Bestillingsskjema oppstartsmøte - reguleringsplan

Når kan du påverke ein reguleringsplan?

Ein viktig del av arbeidet med ein reguleringsplan eller områdeplan er å få innspel frå innbyggarane om korleis dei meiner eit område skal utnyttast. Du kan komme med innspel i på to ulike tidspunkt i ein planprosess:

  • Når planarbeidet startar opp, ved varsel om oppstart
  • Når planforslaget er ferdig utarbeidd og er sendt på høyring og offentleg ettersyn

I begge rundane får naboar, grunneigarar og relevante offentlege styresmakter skriftleg varsel om planarbeidet. I tillegg blir planarbeidet annonsert i lokalavisa og på kommunen sine heimesider. Når reguleringsplanen er ferdig vedteken, er det høve til å klage på vedtaket dersom ein framleis ikkje er nøgd med utforminga og føler at ein ikkje har blitt høyrt i planprosessen.

Varsel om oppstart

Når nokon lagar ein reguleringsplan må dei varsle oppstart av planarbeidet til naboar og andre som er omfatta av planen. Normalt er fristen for å kome med innspel tre veker.

Høyring og offentleg ettersyn

Når planforslaget blir levert inn til kommunen, skal alle få moglegheit til å komme med innspel til forslaget. Planforslaget inneheld detaljerte skildringar av korleis ein ser for seg å byggje ut eit område, med kart, føresegner, planskildring og utgreiingar, illustrasjonar og andre dokument som viser korleis området vil verte utnytta.

I tillegg skriv planavdelinga ei sak der vi vurderer dei ulike tema i planforslaget og vurderer om desse er i samsvar med dei retningsliner og krav kommunen til ei kvar tid har. Alle desse dokumenta vert tilgjengeleg for innbyggarane i høyringsperioden. Fristen for å kome med innspel i denne runden er minst seks veker.

Både planavdelinga og dei som har laga planforslaget går gjennom alle innspela og vurderer om ein skal gjere endringar. Om det blir gjort store endringar, må planen ut att på høyring, men som regel går reguleringsplanen til kommunestyret for endeleg vedtak.

Meir informasjon

Lovar og relatert informasjon


Sist oppdatert: 26.11.2018
Publisert: 28.05.2018