Kommunale bygg

Tenesteområde for Plan, utbygging og kommunalteknikk (PUK) har ansvar for administrasjon, utbygging og vedlikehald av bygningmassen. Dette inneber mellom anna kjøp og sal av bustader, inngåing av huseleigeavtalar og utdeling av nøklar.

Kontakt

Utleige av kommunale lokale

Meland kommune leiger ut lokale i fleire kommunale bygg mellom anna rådhuset, eldresenteret og fellesareal i skulebygg. 

Leige av fellesareal i skulebygg

Fellesareal i skulebygg som til dømes gymsalar er tilgjengelege for utleige. Lokala vert ikkje leigd ut til festarrangement på kveldstid. Det er tenesteområde Plan, utbygging og kommunalteknikk som administrerer utleige.

Det er mange som nyttar seg av tilbodet. Det er difor praksis at alle må søkje om å disponere tid i skulebygga på nytt kvart skuleår. Det skal leverast søknad for all bruk. Vi bed om at det berre vert søkt om tid som faktisk vert nytta. Frist for å søkje er 30. juni.

Søknadsskjema finn du her. Du kan også få utlevert søknadsskjema i resepsjonen på rådhuset.

Utfylt søknadsskjema kan sendast på e-post til: postmottak@meland.kommune.no, leverast i resepsjonen på rådhuset, eller sendast i posten til: Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug.

Vi gjer merksam på at dersom ein skal overnatte i lokalet må ein søkje brannvernet om løyve. Søknadsskjema finn du her.

Prisar og reglar

Betalingsatsar og reglement for utleige finn du her.

Leige av Meland eldresenter og lokale i Rådhuset

På Meland rådhus kan ein få leige kantina, formannskapssalen samt møterom 1 og 3. Lokala vert ikkje leigd ut til festarrangement på kveldstid. For å få leige eldresenteret eller lokale på rådhuset kan ein ta kontakt med resepsjonen på rådhuset på telefon: 56 17 10 00 eller på postmottak@meland.kommune.no

Prisar og reglar

Betalingsatsar og reglement for utleige finn du her.

Vedlikehald av kommunale bygg

Meland kommunestyre godkjente i møte 14.10.2015 Vedlikehaldsplan for kommunale bygg 2016-2019. Planen gjeld for fire år og utgjer den generelle delen av vedlikehaldsstrategien til Meland kommune. Den tar mellom anna for seg målsettingar, oversikt over eigedomsmassen og informasjon om inntektssystem og finansiering.

Dei konkrete tiltaka med tilhøyrande kostnadsestimat er samla i ein årleg tiltaksdel.

Kommunale utleigebustader

NAV Meland har ansvar for behovsprøving og tildeling av kommunale utleigebustader som vert tildelt på sosialt grunnlag.

Kommunale omsorgsbustader

Meland heimeteneste har ansvar for behovsprøving og tildeling av kommunale omsorgsbustader.


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 18.06.2018