Byggesak

Kontakt

Du når oss på telefon 56 17 10 00 eller ved frammøte på rådhuset. Du kan også sende e-post til kommunen til postmottak@meland.kommune.no. Hugs å oppgje arkivsaksnummer og gards- og bruksnummer, så går e-posten direkte til din sakshandsamar.

  • Larissa Dahl
    Rådgjevar byggesak
    Telefon: 56 17 14 23

Før du søkjer

Før du set i gong med eit tiltak på eigedomen din må du søkje kommunen om byggeløyve. Det er to ulike byggesaksprosessar alt etter kva tiltak du skal i gang med.

Søknad om løyve til tiltak utan krav til ansvarsrett

Når det ikkje er krav til ansvarsett kan du sjølv søkje. Meir informasjon om kva du kan søkje om sjølv finn du i byggesaksforskrifta kapittel 3.

Søknad om løyve til tiltak med krav til ansvarsrett

Når det er krav til ansvarsrett treng du hjelp av eit føretak som er kvalifisert til å få lokal eller sentralgodkjenning for ansvarsrett. Direktorat for byggkvalitet har register over sentralgodkjente føretak.

Tiltak utan krav til søknad

For nokre mindre tiltak er det ikkje krav til søknad i det heile teke, under føresetnad av at tiltaket er i samsvar med arealplan for eigedomen din. Meir informasjon om kva som ikkje krev søknad finn du i byggesaksforskrifta kapittel 4.

Planstatus

Arealplanar for Meland er styrande for kva du kan bygge på eigedomen din. Før du sender inn søknad om løyve til tiltak må du difor sjekke arealplanstatus for eigedomen din.

Dispensasjon

Om du ønskjer å søke om eit tiltak som ikkje er i samsvar med arealplan må du søkje om dispensasjon.

Krav og ansvar i byggjesak

Uansett om du søkjer og bygger sjølv eller nyttar ansvarlege føretak er du som tiltakshavar ansvarleg ovanfor kommunen for at tiltaket ditt er i samsvar med føresegner i lov, forskrift og arealplan.

Om du skal planleggje, søkje og bygge sjølv må du vere merksam på:

Nabovarsling

Alle søknadspliktige tiltak skal nabovarslast før søknaden vert sendt til kommunen. 

Nabovarsel er eit varsel ovanfor naboar og gjenbuarar (dei som grensar inntil tomta, dei som bur på motsett side av veg og eventuelt andre partar) om planlagte byggetiltak og liknande som skal skje på din eigedom. Føremålet er at naboar skal vera opplyst om dine byggeplanar og kunne ha høve til å kome med merknader.

Nabovarsel skal sendast uavhengig av om naboeigedomen er bygd eller ikkje. Dersom det er registrert to eigarar på ein eigedom, skal begge varslast.

Gjeld søknaden riving etter Pbl § 20-1 første ledd bokstav e, skal søkjar varsla dei som har pengeheftingar på eigedomen.

Hugs å kryss av i felt for dispensasjon der det vert søkt om dette.

Skjema for nabovarsel

Kven skal eg varsle?

Naboliste og situasjonskart kan bestillast her      

Du kan eventuelt sende ein e-post til postmottak@meland.kommune.no

Om du er usikker om kven du skal varsle, ta kontakt med kommunen ved kartavdelinga for å få riktig og oppdatert naboliste for eigedomen din.

Skjema som vert nytta i samband med nabovarsling

Det er to typar skjema som vert brukt i samband med nabovarsling:

  • Nabovarsel er ei melding til nabo om at han er varsla og når han eventuelt må kome med merknad til tiltaket. Varselet skal sendast rekommandert i post eller leverast personleg til nabo.
  • Gjenpart av nabovarsel er ei kvittering som viser kven som er varsla eller at samtykke er innhenta (personlig kvittering for mottatt varsel eller kvittering fra postkontoret at rekommandert varsel er sendt) i den aktuelle saka. Gjenparten skal leggjast ved søknaden inn til kommunen.
Kva skal nabovarselet innehalde?

Det er viktig at naboane får god informasjon om tiltaket. Nabovarselet skal difor innehalde dei same opplysningane som søknaden til kommunen, det vil sei normalt situasjonsplan, teikningar av tiltaket i 1:100 og eventuelt dispensasjon. Det skal stå i nabovarselet at eventuelle merknader må vera komen til søkjar/kommunen innan 2 veker etter at varselet er sendt og grunnlagsmaterialet for søknaden er gjort tilgjengelig.

Merknad frå nabo

Eventuelle merknader frå naboane må vera komen til kommunen innan to veker etter at varselet er sendt. Merknaden vert handsama i samband med byggjesøknaden.

Heimel

Plan og bygningslova § 21-3


Send søknad til kommunen

Kva skal søknaden innehalde?

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsskjema
  • Gjenpart av nabovarsel 
  • Eventuelle nabomerknader med dine kommentarar
  • Eventuelt søknad om dispensasjon
  • Målsatt situasjonsplan i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak) som viser tiltaket
  • Målsette teikningar av tiltaket; plan, snitt og fasader i 1:100. Eksisterande og framtidige terrenglinjer skal påførast fasadeteikningane fram til nabogrensa

Søknad skal sendast til:

Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug
Eller på epost til: postmottak@meland.kommune.no

Saksbehandlingstid

Meland kommune behandler byggesøknader innanfor tidsfristane i plan- og bygningslova.

Plan- og bygningsloven oppstiller ulike saksbehandingsfrister for ulike sakstypar. Fristane varierer frå tre veker for dei enklaste og mest opplagte sakstypene, til 12 veker for visse søknader med nabomerknader, til ingen tidsfrist for dispensasjonar. Tidsfristane forutset komplett søknad.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med resultatet på vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du mottok vedtaket. Dersom kommunen meiner at vedtaket ikkje skal endrast, går saka til Fylkesmannen i Hordaland for endelig avgjerd.

Mellombels bruksløyve og ferdigattest

For bygg og anlegg som er søknadspliktige etter Plan- og bygningslova § 20-1 skal det vera gjeve mellombels bruksløyve eller ferdigattest før tiltaket vert teke i bruk.

Ved søknad om mellombels bruksløyve skal det vera utfylt kva som gjenstår av arbeid, og når dette blir ferdigstilt.

Søknadsskjema for mellombels bruksløyve og ferdigattest

Søknad om ferdigattest eller mellombelsbruksløyve skal sendast til:

Meland kommune, Postboks. 79, 5906 Frekhaug, eller på
e-post: postmottak@meland.kommune.no

Krav til dokumentasjon for tiltak med ansvarsrett

Ansvarleg søkjar i godkjent byggjesak skal levere inn:

  • Søknadsskjema om ferdigattest eller mellombels bruksløyve
  • Oppdatert gjennomføringsplan
  • SOSI-fil for plassering i kart for tiltak med krav om dette
  • Avfallsplan for tiltak med krav om dette
Behandlingstid

Behandlingstida er 3 veker forutsett komplett dokumentasjon

Heimel

Plan- og bygningslova § 21-10 (Pbl)

Byggesaksforskrift § 8-1 og 8-2 (SAK 10)

Lovar, reglar og rettleiing

NKF- temaark

Innsyn

Her kan du søkje etter saker i kommunen. Byggesakene ligg tilgjengeleg på nett 90 dagar etter at saka er avslutta.

Byggeskikk i kommunane

Bygg og Bevar er eit program oppretta av Klima- og miljødepartementet i samarbeid med Byggenæringens Landsforening. Dei skal bidra til at eldre bygningar blir brukt, forvalta, sett i stand og utvikla på ein god måte.

"Bygg og Bevar skal bidra til å redusere byggskader og til å unngå tap av kulturhistoriske verdier gjennom å hjelpe eiere av gamle bygg til å bli bedre bestillere."

Les meir på Bygg og Bevar sine heimesider.

Nordhordlandskart

www.nordhordlandskart.no


Sist oppdatert: 06.12.2018
Publisert: 04.05.2018