Arealplan

Søk etter arealplan i planregisteret

 

Ulike arealplanar

Plan og bygningslova omtalar ulike typar arealplanar. Det er to hovudtypar kommunale arealplanar:

  • Arealdel til kommuneplanen og kommunedelplanar
  • Reguleringsplanar

Kva består ein arealplan av?

Ein arealplan består av:

  • Eit plankart som med standardiserte symbol og fargebruk syner ulike arealformål
  • Planføresegner som gjev meir detaljerte opplysningar om arealbruk, utforming av bygningar, miljøkrav, parkering osv. 
  • Ei planskildring som opplyser om planens føremål, hovudinnhald og verknad

Regelverk

Plan og bygningslova regulerer utforming og prosess for arealplanarbeidet. Lova skal fremje bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar (§ 1-1). Planlegginga skal vere open og sikre forutsigbarheit og medverknad. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar. Arealplanar er juridisk bindande når dei er vedtekne av kommunestyret.


Sist oppdatert: 21.09.2018
Publisert: 28.05.2018