HeimKultur og aktivitetarUngdomskontakten Salto

Ungdomskontakten Salto

Opningstider

  • Kvardagar frå klokka 13.30 til 15.30
  • Onsdagar langope til klokka 20:30
  • Ved nattope i Knarvik senter er Salto ope heile tida

Kontakt oss

  • Ingrid Bekkenes
    Telefon: 406 48 380

Kva skjer på Salto?

Ungdomskontakten Salto er ein møtestad der ungdom kan kome innom og prate med vener og dei vaksne som jobbar der.

Her kan ungdomane spele playstation, brettspel, bruke PC, lese aviser, gjere lekser, slappe av, og så vidare. Tiltaket er eit rus- og kriminalitetskonkurrerande tilbod.

Om tilbodet

Ungdomskontakten Salto er eit samarbeidstiltak mellom Knarvik senter og kommunane Modalen, Masfjorden, Lindås, Meland, Radøy, Austrheim og Fedje. Lindås kommune har ansvar for den daglege drifta av tiltaket.

I styringsgruppa for ungdomskontakten finn ein representantar frå kommunane, Knarvik Vidaregåande skule, Knarvik senter, politi og kyrkja.

Kven møter du?

Dei vaksne som arbeider her har høgskuleutdanning innan helse, sosiale, eller pedagogiske fag.

Personalet er ein viktig kontakt når ungdomane kjem innom Salto. Her kan dei slå av ein uformell prat med jamaldringar og med dei vaksne. Det er også ein viktig arena for å fange opp og møte ungdom som treng hjelp i livet sitt. Personalet har tett kontakt med skule og andre kommunale tenester.

I tillegg til å vere tilstades i opningstida til Salto, driv dei tilsette oppsøkjande arbeid i og omkring senteret. Dei tilsette samarbeider også med politiet og senterleiinga om tiltak som er positive for unge som ferdast i senteret.

Ungdomskontakten Salto har tilbod om ART-grupper til skulane i regionen. 


Sist oppdatert: 16.11.2018
Publisert: 23.10.2018