Kulturskulen

Søkje plass i kulturskulen

Søknadsskjema kulturskulen

Skjema for re-registrering av eksisterande kulturskuleelevar

Søknadsfrist

Meland kulturskule føl skuleruta og har søknadsfrist 1. april og 1. november.

Tilbod

Sjå kulturskuletilbod for skuleåret 2018/2019 her


Kva kostar det?

Prisar

Eigendel for ein elevplass i Meland kulturskule er kr 1800,- i haustsemesteret 2018 (kr 3600,- i året). Ein får 25 % søskenrabatt for barn nummer 2 og 50% for barn nummer 3 og 4 og så vidare.

Alle elevar betalar og for undervisningsmateriell som notar, kostyme, sko til dans og kunstmateriell.

Redusert eigendel

Ein kan søkje om 50% rabatt av eigendel dersom husstanden har samla inntekt på under kr 533 500 per år, denne ordninga er avgrensa til 10 husstandar per år.

Søknadsskjema for redusert eigendel

Aldersgrense

Den generelle aldersgrensa er 1. klasse - 19 år, men dei ulike musikkdisiplinane har eigne aldersgrenser, og me har dansetilbod frå 3 år. Kulturskulen har ikkje lange ventelister, og på gruppetilbod som teater, visuell kunst (teikning, maling og arbeid med skulptur), dans og kultursirkel pleier me få plass til alle.

Kvar føregår undervisninga?

Kulturskulen har store delar av undervisninga i Meland Aktiv på Langeland på Frekhaug, men og på grunnskulane i kommunen.

Kontakt

Meland kulturskule nyttar administrasjonsprogrammet "speedadmin.dk" og all informasjon til kulturskuleheimane vert sendt på e-post via dette programmet.

Ta gjerne kontakt om du treng meir informasjon eller treng hjelp til å bruke speedadmin.dk.

Følg oss på Facebook

Vedtekter

Her kan du lese vedtekter for kulturskulen vedteke i kommunestyre 27.09.2017


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 26.04.2018