HeimKultur og aktivitetarKulturpris - kulturrosa

Kulturpris - kulturrosa

Meland kommune sin kulturpris

Meland formannskap gjorde 17.11.84 vedtak om at Meland kommune skulle innføre utdeling av kulturpris. Kulturstyret har vedteke retningsliner for utdeling av kulturprisen. I retningslinene punkt 2 står det:

Kulturprisen er på kr 5.000 i tillegg til ein kunstgjenstand og eit æresbevis og vert delt ut ein gong i kvar kommunestyrevalbolk.

Fram til 2011 er det delt ut 11 kulturprisar innafor fleire ulike sjangrar.

Kulturrosa

Det vert gjort mykje frivillig arbeid innan kultur og fritid i kommunen.

  • Kulturrosa vert gjeve til ein person som gjer ein særskild innsats for folk i sitt nærmiljø
  • Kulturrosa skal vere eit symbol på at innsatsen vert lagt merke til og sett pris på
  • Kulturrosa kan delast ut 4 gonger per år
  • Utval for levekår står for utpeiking av prismottakar

Dersom du har kandidatar til kulturrosa så send inn grunngjeve framlegg til:

Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

eller på e-post til: postmottak@meland.kommune.no


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 27.04.2018