HeimKultur og aktivitetarKulturmidlar og andre tilskotsordningar

Kulturmidlar og andre tilskotsordningar

Idrettsstipend

Idrettsstipendet for Meland kommune vart etablert i 2017. Stipendet skal støtte høva for å utvikle seg innan idretten, og prioritere søkjarar i aldersgruppa 15 – 26 år. 

Kven kan søkje?

Idrettsstipendet skal gå til ein idrettsutøvar, trenar, dommar eller idrettsleiar som er del av, eller har bakgrunn frå og tilknyting til, idrettslivet i Meland.  Stipendet skal støtte høva for å utvikle seg innan idretten, og prioritere søkjarar i aldersgruppa 15 – 26 år. 

Kva for tiltak kan du søkje til?
  • ​Eigenutvikling og kompetanseauking
  • Kostnadar ved reise eller opphald i samband med trening utanfor kommunegrensene
  • Kostnadar ved utstyr eller omfattande individuell reiseverksemd ved nasjonale og internasjonale meisterskap
  • Utvikling av lokalt idrettsliv og etablering av nye aktivitetar
Korleis søkjer du?

Stipendet skal delast ut etter ei vurdering av gjennomføringsevne og dokumenterte prestasjonar dei siste 3 år. Meland Idrettsråd er høyringsorgan for tildeling. 

Idrettsstipendet vert delt ut ein gong i året etter søknad, med søknadsfrist 1. mars. Søknaden skal innehalde plan for tiltaket og bruken av stipendet, dokumentasjon av prestasjonar, CV og skriftleg uttale frå idrettslag og/eller særkrets eller særforbund.

Idrettsstipendet har ei øvre grense på kr 30 000,-, og vert utbetalt etter avgjerd har funne stad.  Rapport må leverast til tenesteområde kultur innan 1. desember same år, og stipendet kan verte kravd tilbakebetalt dersom ikkje grunnlaget for tildelinga lenger er til stades, eller tiltaket ikkje har vore gjennomført. Ein kan velje å trekkje tilbake tildelinga om det kjem fram at mottakar har brukt, eller vert dømt for doping.  

Merk søknaden med "Idrettsstipend" og send til:

Meland kommune
Postmottak
Postboks 79
5906 Frekhaug

Eller på e-post til:

postmottak@meland.kommune.no

Søknadsfrist er 1. mars

Kulturstipend

Kulturstipendet for Meland kommune vart delt ut første gong i 2017. Stipendet skal stimulere til lokal kulturutvikling og lokale kulturopplevingar.

Kven kan søkje?

Kulturstipendet skal gå til ein kunstnar/kulturutøvar, som er registrert busett i Meland kommune, har si verksemd herfrå, og som har heile eller delar av si inntekt frå kunstnarisk eller kulturell verksemd. Stipendet skal stimulere til lokal kulturutvikling og lokale kulturopplevingar. Aktuelle uttrykksformar er musikk, dans, scenekunst, litteratur, biletkunst, kunsthandverk og film/media. Stipendet skal delast ut etter ei vurdering av kunstnarisk innhald, gjennomføringsevne og verdi for det lokale kulturlivet.

Kva for tiltak kan du søkje til?
  • Utvikling av lokalt kulturliv i samarbeid med aktørar frå lokal amatørkultur, som leiar fram til eit ferdig produkt eller framsyning
  • Kunnskapsoverføring mellom profesjonelle aktørar og lokalt amatørkulturliv
  • Eigenutvikling og auking av kompetanse, som kjem det lokale kulturlivet til gode
  • Prosjekt som stimulerer og sikrar overføring av lokal kunnskap og kultur, og immateriell kulturarv
Korleis søkjer du?

Kulturstipendet vert delt ut ein gong i året etter søknad, med søknadsfrist 1. mars. Søknaden skal innehalde ein plan for tiltaket og bruken av stipendet, CV og døme på tidlegare arbeid. Innstilling og vurdering av søknadane vert lagt fram for Utval for levekår for avgjerd. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vert ikkje stipendet delt ut.

Kulturstipendet har ei øvre grense på kr 30 000,-, og vert utbetalt etter avgjerd har funne stad. Rapport må leverast til tenesteområde kultur innan 1. desember same år, og stipendet kan verte kravd tilbakebetalt dersom ikkje grunnlaget for tildelinga lenger er til stades, eller tiltaket ikkje har vorte gjennomført.

Merk søknaden med "Kulturstipend" og send til:

Meland kommune
Postmottak
Postboks 79
5906 Frekhaug

Eller på e-post til: postmottak@meland.kommune.no

Søknadsfrist er 1. mars.

Søknadsskjema kommunale kulturmidlar

Ålmenne kulturmidlar med frist 1. mars

  • Tilskot til leikeplassar
  • Tilskot til forsamlingshus
  • Tilskot til kulturminnevern 
  • Tilskot til song og musikk 
  • Tilskot til barne og ungdomsarbeid
  • Tilskot til andre lag
  • Tilskot til friluftslivstiltak
  • Idrettstildeling - ta kontakt med Meland Idrettsråd

Kulturmidlar - løpande tildeling

  • Underskotsgaranti kulturarrangement
  • Leiaropplæring og kompetanseheving
  • Ung Prosjektstøtte
  • Deltaking i konkurranse
  • Andre søknadar

Sjå nøye gjennom retningslinene for vilkår for tildeling.

Spelemidlar

Kommunen gjev rettleiing og handsamar søknader om spelemidlar. Spelemidlane går både til idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og kultur - både nybygg og rehabilitering.

For hjelp til andre tilskotsordningar, til dømes Hordaland fylke sine, ta kontakt med kulturavdelinga eller Frivilligsentralen.

Kontakt


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 26.04.2018