HeimKultur og aktivitetarKulturhistorie, kulturminne og museum

Kulturhistorie, kulturminne og museum

Holmeknappen, Holmestova og Sjøbua

Holme er ein gamal og historierik gard på sørvestsida av Holsnøy i Meland.

Omvising kvar søndag i juli og august frå klokka 14.00 - 18.00, eller etter avtale. Ta kontakt med kulturavdelinga.

Her er det eit særs vakkert og variert kulturlandskap, med flotte døme på tørrmur både i gamal innmark og bygningar. Holmestova frå kring 1568 er ein stovebygning lafta av særs fint tømmer og ligg der det gamle fellestunet på garden Holme låg.

På Holmeknappen har det vore gjestgjeveri attende til 1700-talet og sjøhus for gardane i området. På «skitkaien» vart byskiten teke i mot og nytta som gjødsel på gardane, og for mange bønder var Holme utgangspunktet når dei skulle til Bergen med varer. Etter kvart kom det dampbåtkai og Holmeknappen vart ein sentral plass i denne delen av Meland, med blant anna postopneri og meieri. I dag kan ein oppleve blant anna museum i den gamle sjøbua, galleri, flott naustmiljø og landhandel.

Arkivkatalog

Arkivkatalog for Meland kommune, eldre arkivmateriale (1923-1963).

 


Sist oppdatert: 16.11.2018
Publisert: 04.05.2018