HeimKultur og aktivitetarFriluftsliv i Meland

Friluftsliv i Meland

Hugs at allemannsretten òg inneber pliktar. Ta med deg boss, vis omsyn til dyr på beite, hugs bandtvang og lat att grinda. Ha ein flott tur!

Turkart

Turkart kan du kjøpe i resepsjonen på rådhuset på Frekhaug. Turkartet kom ut i 2009 og er ein god referanse og eit godt navigasjonverktøy. Kartet viser dei mest brukte turstiane i kommunen i målestokk 1:25 000. Nokre av turane er skildra på UT. Karttenesta Nordhordlandskart er òg eit godt verktøy. Du finn òg mange tips gjennom ulike treningsappar.  

Turar til fots

Eldsfjellet

Frå Skurtveit eller motocrossbana ved Rossland kan du gå til Eldsfjellet (324 m.o.h.), der du får med deg ei fantastisk utsikt over Herdla og Øygarden i vest, Skjelanger og Fedje i nord, Radøy i aust og Storavatnet og dei andre Melandsfjella i søraust. Parkering ved motocrossbana eller Rossland skule etter skuletid. Buss 341 til Rossland. Det er òg stiar frå Landsvik, Kårbø og Sætre.

Skintveitmarka

På Skintveit og Vikebø kan du boltre deg i Skintveitmarka, parkering forbi Rossland skule, buss 341 til Vikebø. 
Karttavler finn du her: A3 Stor Historie

Hjertåsfjellet

Frå Frank Mohn sitt anlegg på Hjertås er det flott tur opp til Hjertåsfjellet (174 m.o.h.)Parkering ved Frank Mohn Hjertås. Buss 341 til Frank Mohn, Hjertås.

Brakstadfjellet og Tveitanipa

Til Brakstadfjellet (318 m.o.h.) går det skogsveg og seinare sti opp ved gamle Vestbygd skule, alternativt bratt sti frå nordenden av Brakstadvatnet.  Frå gamleskulen kan du òg komme deg opp til Tveitanipa mot aust. Eit populært alternativ er òg opp frå Tveit eller Myrtveit. Du kan setje frå deg bilen nedanfor gamleskulen, buss 344 til Valde.

Krossfjellet og Nordnipa

Krossfjellet (287 m.o.h.) er eit populært turmål søraust på Holsnøya. Her kjem du fint opp frå Øvre Sagstad på skogsveg første del av turen. Ein kan kombinere turen med eit besøk til Nordnipa (240 m.o.h.) mot vest. Du kan òg gå frå Kleivane mellom Sagstad og Fosse, Litlebergen, Moldekleiv eller ved Bjørnestad/Meland kyrkje. Det er høve til å parkere ved kyrkja, men her må ein vise omsyn til kyrkja sitt virke og deira behov for at vitjande får plass på parkeringa. Buss 344 til Øvre Sagstad (til fots opp bilvegen til Øvre Sagstad), Dale nord (sti over Bruraskrevet til Øvre Sagstad) eller Meland kyrkje. Buss 346 til Litlebergen og Moldekleiv.

Storeknappen

Storeknappen (163 m.o.h) er ein skogkledd ås rett ved Frekhaug sentrum og fungerer glimrande som kvardagstur. Flott utsikt mot innseglinga til Bergen. Sti frå Langeland, Fossemyra idrettspark eller Fossesjøen. Parkering i Frekhaug sentrum. Buss 320 til Frekhaug terminal eller Fossesjøen, buss 344 til Fossemyra idrettspark.

Håøytoppen

Til Håøytoppen (171 m.o.h.) kjem du med god sti frå sør for parkeringsplassen langs E-39 på Flatøy gjennom Midtmarka og friområdet Håøya.  Alternativ sti til høgre for parkeringsplass. Frå friområdet til toppen går du på gamal veg frå den tida da Håøya var eit kystfort. Det er mange krigsminne på staden og gode forhold for teltarar og folk på padletur i friområdet. Buss 320 til Blandeverket, Flatøy. Karttavle finn du her: A3

Gaustadfjellet og Øyjordsfjellet/Bårafjellet

Aust på Holsnøy finn du dei flotte toppane på Gaustadfjellet (317 m.o.h) og Øyjordsfjellet/Bårafjellet (227 m.o.h.). Til Gaustadfjellet er det sti frå Ådlandsvegen ved Gaustad, buss 346 til Gaustad sør. Alternativt kan ein gå opp frå Søre Ådland.  Du finn mange flotte variantar i utmarka mellom fjella og Storavatnet.  Ingen parkering. Til Øyjordsfjellet/Bårafjellet frå Øyjordi like forbi Ådlandstjørna. Buss 346 til Ådland snuplass, ingen parkering.  Her kan du òg gå mot det naturskjønne Havrevågen og vidare retning Landsvik.

Storafjellet

Heilt nord på Holsnøy finn du Storafjellet (90 m.o.h.) og områda rundt. Flotte stiar og gamle torvvegar med utsikt over heile ytre Nordhordland i historisk forstand, i tillegg til flott utsyn mot Eldsfjellet og områda "Nordomfjedle". Karttavle finn du her: A3

Langs Mjåtveitelva

Langs Mjåtveitelva finn du særleg flotte naturmiljø og kulturminne. Sti frå friområdet ved Elvavika/Haltejohansvika ved Frekhaugmarka opp langs elva til brua ved Mjåtveitvegen. Derfrå under fylkesveg og på eldre veg opp gjennom kulturlandskap langsmed elva til Sagstad. Her kan du fortsette til Krossfjellet. Kart og info finn du her: Fauna Flora Historie

Padling, sykling og telting

Padling

Meland er ein øy- og kystkommune med gode forhold for padling. Nordhordland Padleklubbheld til på Flatøy og har høg aktivitet og mange medlemmar. Dei har òg gode inkluderingstilbod.  

På vestsida av Holsnøy langs Herdlefjorden er det mange flotte stadar å sjå og dra innom - HolmeknappenFløksandIoØpso, Sætrevika med spisestaden Sjøslaget litt oppe i bygda og ikkje minst flotte badeforhold og natur- og kulturlandskap ved Skjelangervågen.  

På austsida av Holsnøy følger du Radfjorden nordover frå Flatøy, der det er friområde og teltplass på Håøya. Her kjem du forbi dei gamle rutebåtkaiene på Fureskjegget og Refskar til Ådlandsvågen, der du kan kombinere med fottur opp til Øyjordsfjellet eller Gaustadfjellet. Vidare mot vest tar du inn i lune farvann innafor Havrøyna til Havrevågen. Forbi Landsvikosen kan du søkje rolige farvann i Kårbøvågen langs Mangerfjorden, med spise- og kulturstaden Sansetunet litt oppe i bygda, eller sjå det flotte naustmiljøet i Husebøvågen.

Det er fantastiske padleforhold både med kajakk og kano i Rylandsvassdraget, på innsjøane Rylandsvatnet, Bjørndalsvatnet og Storavatnet. Her får du verkeleg kjensla av å vere langt vekke frå alskens kjas og mas, med flott skog og rikt dyreliv. Hestdal er eit godt utgangspunkt i aust, der det òg finst kano til utleige for menneskje med nedsatt funksjonsevne. Ta kontakt med resepsjonen på Meland rådhus for leige. Ved Vikebø er det fint å settje ut kajakk og kano viss ein vil dra frå vest. Nordre Holsnøy IL har utleige av kanoer her. Vis omsyn til lokaltrafikk når du kjem med bil og eventuelt hengar. Mellom Rylandsvatnet og Bjørndalsvatnet er det eit kort eid der ein må bere kanoen, mellom Bjørndalsvatnet og Storavatnet er det ein kort kanal. Det er gode forhold for å raste og overnatte på øyene i Storavatnet, men vis omsyn og ta med deg boss. Viss du ønskjer å fiske må du ta kontakt med Midtre Holsnøy grunneigarlag/Steinberget gard. Karttavle finn du her

Sykling

Vegnettet på Holsnøy er av varierande kvalitet, men sykkelopplevingane står i kø. Mange vel og sykle fylkesveg 564 frå Frekhaug til Rossland og vidare rundt Eldsfjellet mot Skjelanger heilt i nord. Her kan ein fint kombinere med overnatting i friområdet på Io. Har ein med seg bil kan den parkerast til dømes på Flatøy ved bussterminalen, eller i Frekhaug sentrum. Fylkesveg 244 frå Frekhaug opp til Meland kyrkje, vidare til Brakstad og Fløksand er ein kjekk variant gjennom eit levande og rikt kulturlandskap. Då kan ein òg til dømes setje frå seg sykkelen for å kombinere med ein tur til Brakstadfjellet. Allemannsretten gir rett til å sykle på sti i utmark og på sti gjennom innmark som leier til utmark. Ein har òg rett til å sykle på skogsveg i utmark. Ta omsyn til turgåarar og dyr på beite.

Telting

Friområdet på Io egner seg godt for overnatting for padlarar og andre med telt. På Håøya er det berre tilgjenge over land på sti, men friområdet er flott for teltarar og som overnattingsmål for padlarar. Her er det òg nødly i naustet. Det er ikkje alltid lett å finne teltplass elles i kommunen då det er svært kupert og mykje skog, men det finst moglegheiter for padlarar på Storavatnet. Vis omsyn til bebuarar og hytter, ein kan ikkje slå opp telt nærmare enn 150 meter frå bebudd hus eller hytte. Hugs å ta med deg boss og bålreglane. Det er ikkje lov å setje opp telt i innmark.  

Bading

Badevika

Badevika ligg i Varnappen friområde på Frekhaug. Her finn du ei flott, grunn strand og deilige gressbakkar til å bre ut teppet, finne fram godboka eller spele spel. Sandvolleyballbane til fri bruk. God gangveg, toalett, fast grill, bord og benker. Baderampe ned i sjø. Buss 320 til Frekhaug terminal, parkering i Frekhaug sentrum.

Haltejohansvika

Haltejohansvika i Elvavika friområde er ei nydeleg og beskytta badevik med sandstrand. Her finn du toalett, fiskeplass, stupebrett, frisbeegolf, fiskeplass, fast grill og bolta klatreruter.  God gangveg frå Galteneset, ballbinga i Frekhaugmarka eller på sti frå Mjåtveitelva. Buss 320 til Mjåtveitflaten, parkering Frekhaug sentrum.

Fløksand

Vest på Holsnøy finn du badeplassen på Fløksand friområdelitt sør for Meland golf og naturpark. Toalett, stupebrett og badeplatting. Baderampe og fiskeplatting. Buss 341 til Fløksand sør, parkering ved friområde.  

Håøya

Til Håøya kjem du med båt eller til fots på god sti gjennom Midtmarka. Her er det fortøyingsplassar, bord, benkar, toalett og gressplen.

Smineset 

Smineset er ei flott mindre badeplass like ved Litlebergen på Holsnøy. Stupebrett, kai og noko bakland. Buss 346 til Litlebergen nord, ingen parkering.  

Skjelanger

På Skjelanger heilt nord på Holsnøy er det ein herleg mindre strand perfekt for eit lite bad. Buss 341 til Skjelanger kai. Ingen parkering.  

Merking og tilrettelegging av turstiar

Skintveitmarka

Turstiar på Skintveit, Vikebø og Åsebø med koblingar til Rossland og Bjørndalen. Skintveitmarka er eit samarbeid mellom Nordre Holsnøy IL, UL Framsteg og Meland kommune.
Finansiert av Gjensidigestiftinga, Hordaland fylkeskommune og Meland kommune.

Midtmarka/Håøy

Turstiane er oppgradert med klopper, trapper og skilt av Flatøy Bygdelag.
Finansiert av spelemidlar, Norbetong og Meland kommune.

Storafjellet, Husebø og Skjelanger

Turstiar og torvvegar oppgradert med klopper, trapper, tavler og skilt av Husebøgrendas bygdelag.
Finansiert av Meland kommune.

Krossfjellet frå Øvre Sagstad

Turstien er oppgradert med kloppar, trapper og skilt av frivillige.
Finansiert av Hordaland fylkeskommune og Meland kommune.

Nedre Mjåtveitelva

Turstiane er oppgradert med klopper, skilt og tilbakelegging av stein i regi av Mjåtveitelvens forening og Nordhordland folkehøgskule. Turstien er tidlegare tilrettelagt av Meland ungdomsskule. Infotavler med natur- og kulturinformasjon.
Finansiert av Meland kommune og Mjåtveitelvens forening.

Eikelandsvatnet rundt

Turstien rundt vatnet er merka med turskilt i regi av nærmiljøet. Ny sti skal ryddast langs vatnet i sørenden av Meland Golf. Førebels omskilting.
Finansiert av Meland kommune.

Mjåtveitmarka - Kloppedalen - Furefjellet

Tursti frå Mjåtveitmarka via Kloppedalen til Furefjellet merka i regi av Mjåtveitelvens forening.
Finansiert av Meland kommune.

Prosjekt under arbeid

Mjåtveitvassdraget/Søre Holsnøy

Prosjektet er svært stort og for tida vert det merka på delprosjekta Krossfjellet og Nordnipa, og kyststien frå Holme til Frekhaugmarka. Delprosjekt under ferdigplanlegging er Storeknappen, Fageråsen, Mjåtveitelva nord og Dale. Deltakarar er Meland Sokneråd, IL Kvernbit, UL Solglytt, Dalemarka vel, Holmemarka vel, Mjåtveitmarka vel, Frekhaugmarka vel, Heiane vel og Moldekleivmarka vel. Finansiert av Gjensidigestiftinga, Hordaland fylkeskommune og Meland kommune.

Hjertåsfjellet

Turstiar på Hjertås. Deltakarar er frivillige frå Hjertås. Finansiert av Meland kommune.

Hoplandsfjellet

Opp gamle sjøvegen frå Holme og ned til Tveit. Deltakarar er frivillige frå Holme/Hopland. Finansiert av Meland kommune.

Brakstadfjellet, Tveitanipa

Stinettverket kring fjella mellom Vestbygd og Myrtveit, Sjurdal og Hestdal. Deltakarar er frivillige frå Myrtveit og Meland kommune. Finansiert av Meland kommune.

Herdlatriangelet, padlerutar

Padlerutar mellom Rosslandspollen, Herdla og Skjelanger. Deltakarar er frivillige frå Ro Båtlag, Bergen og omland Friluftsråd, Askøy kommune og Meland kommune. Finansiert av Gjensidigestiftinga og Hordaland fylkeskommune.

Framtidige prosjekt

Prosjekt som skal setjast i gong innan 2019 er rehabilitering av merkinga på Eldsfjellet, ny sti vest frå Melandsskaret, og ikkje minst Austebygda.

Kva kan du gjere?

Har du lyst til å vite meir, eller har du lyst til å bidra?
Ta kontakt med:

På tur med hund

Oversiktskart over bandtvang

Lokal forskrift om sikring av hund i Meland kommune

Bergen og Omland Friluftsråd

Bergen og Omland Friluftsråd forvaltar fleire friluftsområde i Meland. Les meir på deira heimeside.

Forskrifter

Forskrift for bruk av motorfartøy i Rylandsvassdraget

Forskrift om fredning for Herdla naturreservat med tilliggande fuglelivsfredning


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 25.04.2018