HeimSkatt, næring og landbrukTilskotsordningar i landbruket

Tilskotsordningar i landbruket

Søknadsskjema

Dei ulike søknadsskjema finn du her:

Skjema frå Statens landbruksforvaltning

På heimesidene til landbruksdirektoratet og Fylkesmannen i Hordaland finn du meir informasjon om ulike tilskotsordningar og regelverk.

Kontakt

Dersom du har spørsmål kring nokre av tilskotsordningane, ta kontakt med:


Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er ei  fellesnemning for ei rekke tilskotsordningar som foretak som driv  vanleg jordbruksproduksjon kan søkja på.  Føremålet med produksjonstilskot er "å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk" innanfor dei målsettingane Stortinget har trekt opp. Produksjonstilskot omfattar fleire tilskotsordningar i jorbruket, mellom anna arealtilskot, tilskot til husdyr og kulturlandskapstilskot med fleire.

Meir informasjon finn du her

Avløysartilskot

Avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot) er ei refusjonsordning der føretak med husdyrproduksjon kan få dekka utgifter til avløysing. Tilskot til avløysing ved sjukdom, fødsel og liknande skal bidra til å finansiera avløysing i føretak som driv husdyrproduksjon når bonden ikkje kan delta i arbeidet til dømes på grunn av sjukdom. Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å letta generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntekta si frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere rekrutteringa. 

Meir informasjon finn du her

Regionalt miljøprogram

Alle landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med et utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføre.

Meir informasjon finn du her

Tilskot til grøfting/drenering

Føremålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, til fordel for både avlingar og miljø. For planerte areal kan det frå 2016 òg bli gitt tilskott til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

God drenering eller grøfting er viktig for å få gode avlingar. Store delar av den dyrka jorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gir dårlege veksttilhøve for plantene og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegare kvalitet. Dårleg drenert jord gir òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.

Vi gir ikkje tilskott om tiltaket fører til

  • Monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
  • Stor fare for flaum og vassureining
  • Fare for skade på automatisk freda kulturminne

Vi gir heller ikkje tilskott om du allereie har starta på tiltaket før du har søkt og fått innvilga tilskottet.

Slik søkjer du

Når du søkjer om tilskott, må du nytte skjemaet frå Landbruksdirektoratet som du finn her:

Trykk her for å laste ned søknad om tilskott til drenering

Du får utbetalet tilskottet etter at du har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Du må gjennomføre tiltaket innan tre år frå då søknaden blei innvilga.

Kven kan søkje?

Målgruppa er eigar av eller føretak som leiger jordbruksareal med behov for ny drenering.

Klage

Kommunen gjer vedtak om søknaden. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Blir avgjerda i kommunen ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Kommunane fordeler på vegne av staten årlege tilskotsmidlar og har eigne tiltaksstrategiar for prioritering av søknader.

Les tiltaksstrategi for SMIL 2016-2019 her.

Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Kven kan søkje?

Føretak eller privatpersonar som driv eller eig ein landbrukseigedom.

Krav til søkjar

Vi kan gi tilskott til gjennomføring av tiltak som tar vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet.

Vi kan òg gi tilskott til gjennomføring av tiltak som bidrar til å redusere forureining eller risiko for forureining frå jordbruket.

Kva skjer vidare?

Kommunen avgjer søknaden om tilskott og prioriterer søknader som ligg innanfor tiltaksstrategien til kommunen.

Har du fått innvilga tilskott, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg tilbakemelding frå oss om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til landbruksavdelinga. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer å endre i vedtaket, og grunngi det. Du kan be om rettleiing frå kommunen. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal vi vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, sender vi saka til Fylkesmannen.

Kva seier lova?

Forskrift om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Tilskot til tradisjonelt landbruk og etablering av ny bygdenæring

Innovasjon Norge har ansvar for bygdeutviklingsmidlane for landbruket. Du kan få støtte til investeringar i driftsbygningar, kjøp av eigedom eller mindre investeringar i samband med generasjonsskifte på garden. Dersom du ønskjer du å starte opp ei ny næring på garden kan du søkja  tilskudd og lån til idèavklaring og etablering, eller til investeringar og bedriftsutvikling viss du allereie er i  gong. For at du skal kunna søkja må du eiga ein landbrukseigedom eller ei bedrift med tilknyting til ein landbrukseigedom. Generelt for alle føremål er at det må vera næringsverksemd av eit visst omfang på eigedomen, eller potensial for næringsverksemd av eit visst omfang.

Meir informasjon finn du her


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 25.05.2018