Skogbruk

Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Du kan søkje om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.

Meir informasjon om tilskotsordningar til nærings- og miljøtiltak i skogbruket finn du her.

Kva kan ein få tilskot til?

Tilskotet kan du få til:

  • Skogkultur
  • Vegbygging
  • Miljøtiltak i skog
  • Utdrift av skogsvirke med taubane, hest, osb.
  • Andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Skogfond

Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift.

Du finn skjema og meir informasjon hjå Landbruksdirektoratet.

Landbruks-/skogsbilvegar

Ein landbruksveg er ein veg som har meir enn 50% landbruksnytte i bruken av vegen, dette gjeld både bil- og traktorvegar. Dersom vegen har meir enn 50 % landbruksnytte kan ein søkje om ein veg etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar. Landbruksvegar må byggast i samsvar med Normaler for landbruksvegar som er fastsatt av landbruks- og matdepartementet. Landbruks-/skogsvegar er eit viktig tiltak for å betre infrastrukturen på eigedommen, og såleis legge til rette for ein meir effektiv og økonomisk lønnsom drift av skogen.

Du finn skjema og meir informasjon hjå Landbruksdirektoratet.

Kontakt


Sist oppdatert: 16.11.2018
Publisert: 02.05.2018