HeimSkatt, næring og landbrukServerings-, sals- og skjenkeløyveSkjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Når må du søkje om skjenkeløyve?

Du må søkje om skjenkeløyve dersom:

  • Du leiger lokale, tar betalt for alkohol eller når lokalet berre har serveringsløyve
  • Du skal servere alkohol i eit lukka selskap, til dømes bryllup, jubileum eller liknande
  • Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område

Slik søkjer du

Vi har eit felles søknadsskjema for opne og lukka arrangement:

Søknadsskjema skjenkeløyve - einskild høve

Krav til søkjar

Du som søkjer må vere over 20 år. 

Dersom søkjar ikkje skal vere ansvarleg for skjenkinga, må du skrive kven som skal vere ansvarleg. Skjenkeansvarlig må vere over 20 år. Skal du ha ein avløysar for skjenkeansvarleg, må han eller ho også vere over 20 år. Det er ikkje nødvendig med avløysar på mindre arrangement.

Kva kostar det?

Gebyrsatsen for lukka arrangement, til dømes bryllup, jubileum og firmafestar, er kroner 370,- .

Gebyrsatsen for opne arrangement kan variere etter storleiken på arrangementet. Minstesatsen er kroner 370,-.

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan to veker.

Korleis får du svar?

Dersom du har gitt oss ei e-postadresse, kjem svaret på e-post.

Har vi ikkje e-postadressa di, får du svaret via Altinn, Digipost eller E-boks.

Kontakt


Sist oppdatert: 19.06.2019
Publisert: 31.05.2018