Serveringsløyve for mat og drikke

Kva er ein serveringsstad?

Ein serveringsstad er der det blir servert mat, drikke, eller begge delar, og kor forholdet er lagt til rette for at gjestane kan ete eller drikke på staden.

Serveringa må skje mot betaling.

Døme på serveringsstader er restaurantar, kafear, konditorier, gatekjøkken, potetvogner, puber og servering på bensinstasjonar.

Kravet til serveringsløyve gjeld både for utandørs og innandørs servering. Ein treng ikkje å ha sitjeplassar for å bli rekna som ein serveringsstad. Til dømes vil eit gatekjøkken som serverar mat gjennom ei luke i veggen, verte rekna som ein serveringsstad. Det same gjeld for kioskar som i tillegg til vanleg kioskvarer sel mat som til dømes varme pølser.

Når treng du ikkje serveringsløyve?

Ein treng ikkje ha serveringsløvye når verksemda er av sporadisk karakter. Til dømes treng ein ikkje serveringsløvye for sal av vaflar på skulekorpset sin loppemarked, eller basaren til idrettslaget.

Kravet til serveringsløyve gjeld når serveringsstaden er forretningsmessig organisert.

Om ein gjer seg næring av å reise frå stad til stad med eit mobilt gatekjøkken eller liknande skal du normalt ha eit serveringsløyve.

Gratis servering krev normalt ikkje serveringsløvye.

Slik søkjer du

Søknadsskjema for serveringsløyve

Før du søkjer, leit fram og gjer klar følgjande vedlegg:

  • Stadfesta kopi av bevis som visar at styrar har stått på etablerarprøven
  • Skatteattest for deg som søkjer løyve og eigarar som har ein vesentleg eigardel
  • Firmaattest for deg som søkjer løyve og eigarar som har ein vesentleg eigardel
  • Planteikning
  • Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved salsstaden
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor dersom det er fleire eigarar.

I nokre tilfelle treng vi ein leigekontrakt, ein finansieringsplan, eit driftsbudsjett og eit likviditetsbudsjett. Vi tek kontakt med deg dersom vi har behov for dette.

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan 60 dagar. Behandlingstida startar når kommunen har fått all nødvendig dokumentasjon.

Kva seier lova?

Trykk her for å lese Serveringslova.

Slik klagar du

Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Fylkesmannen som tar ei endeleg avgjerd.

Fylkesmannen behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.

Klagen sender du til:

Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

Kontakt


Sist oppdatert: 21.11.2018
Publisert: 29.05.2018