Kunnskapsprøven - alkohollova

Kva er pensum?

Pensum for skjenkeløyve:

  • Alkohollova kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9
  • Alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14
  • Du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige reglar

Pensum for salsløyve:

  • Alkohollova kapittel 1, 3, 7, 8 og 9
  • Alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14
  • Du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige bestemmelsar

Læremateriell (pensumhefte, nettkurs og test-deg-sjølv) kan du kjøpe på www.vinn.no

Kva kostar det?

Prøven kostar kroner 400,-.

Korleis går du fram for å ta prøven?

Ta kontakt for å avtale tid for prøven:

Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førarkort eller bankkort med bilde som gyldig legitimasjon.

Korleis føregår prøven?

Kunnskapsprøven i alkohollova er ein fleirvalsprøve med eit tilfeldig uttrekk av spørsmål frå ein database. Du vil få 60 minutt til å besvare prøven. For å få bestått må 24 av 30 svar vere riktige.

Prøven er på norsk. Det er lov å ta med ordbok.

Spesielle behov
  • Har du dysleksi, kan du ta kunnskapsprøven munnleg (du må ha legeattest).
  • Er du svaksynt, lam, har nedsett høyrsel eller andre utfordringar legg vi til rette så godt vi kan. Har du spesielle behov, ta kontakt og gjer avtale med oss på førehand.
Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du klarar det. Det kostar 400 kroner kvar gong.

Kvar tar du prøvane?

Når du har avtalt tid for prøven - møt opp på aktuelt tidspunkt på Meland rådhus, Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug.

Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førarkort eller bankkort med bilde som gyldig legitimasjon.

Prøvebevis

Alle som klarar kunnskapsprøven får eit prøvebevis. Det er det viktig å ta vare på beviset. Det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Lovar, forskrifter og relatert informasjon

Lov om omsetning av alkoholhaldig drikk m.v (alkohollova)

Forskrift om omsetning av alkoholhaldig drikk mv. (alkoholforskrifta)

Kunnskapsprøven - informasjon frå Helsedirektoratet


Sist oppdatert: 18.03.2019
Publisert: 21.09.2018