Etablerarprøven

Etablerarprøven skal sikre at ansvarleg for serveringsstaden har naudsynt kunnskap om økonomistyring og lovverket av betydning for drifta.

Kommunen skal leggje til rette for at du får avlagt prøven innan to månader etter du har meldt i frå om at du ønskjer å ta prøven.


Gjennomføring av prøven

Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du får 90 minutt til å besvare den. For å få bestått prøven må 40 av 50 svar vere riktige.

Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førerkort eller bankkort med bilde som gyldig dokumentasjon.

Prøven er på norsk. Det er ikkje mogleg å ha med tolk eller bruke ordbok. Du har lov til å ta med og bruke reine lov- og forskriftstekstar.

Kommunen er ansvarleg for å avhalde og rette prøven.

Tilrettelegging ved spesielle behov
  • Dyslektikarar kan ta etablerarprøven munnleg. Dette krev legeattest.
  • Er du svaksynt, lam, har nedsatt hørsel eller andre utfordringer legg vi til rette så langt det lar seg gjøre. Dette må du i så fall avtale med oss på forhand.
Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale same beløp for kvar gong du tar prøven. 

Pensum 

Prøven skal vere basert på det materialet som er omtalt i læreboka "Læremateriell - etablererprøven for serveringsvirksomhet". Læremateriell kan du kjøpe her: https://www.vinn.no/nettbutikk/

Kva kostar det?

Det kostar 400 kroner. 

Utsteding av prøvebevis

Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Kontakt


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 25.05.2018