Næring i Meland

Vi arbeider aktivt for å leggje til rette for fleire næringsetableringar i kommunen, og har som mål å vere ein av dei mest attraktive kommunane i Hordaland også på dette området.

Eit lønsamt og nyskapande næringsliv er ein føresetnad for vår offentlege og private velstand. Vi vil vere ein pådrivar for at fleire verksemder etablerer seg i Meland, og leggja til rette for at eksisterande bedrifter kan utvikla seg. Innbyggjarane og næringslivet skal bli møtt av ein effektiv kommune, prega av kvalitet i tenestene, god etisk standard og ei positiv haldning.

I Meland er det ei rekkje spanande arbeidsplassar innan både industri, servicenæringar, utdanning, offentleg tenesteyting/forvaltning og jordbruk. Dei største bedriftene er Frank Mohn Flatøy AS og Frank Mohn Piping AS. Nordhordland Folkehøgskule på Frekhaug er den største folkehøgskulen i landet.

Meland er det geografiske og trafikkmessige knutepunktet mellom Bergen og Nordhordland.
Reisetida med bil frå kommunesenteret Frekhaug til Bergen sentrum er om lag 25 minutt. Dersom du nyttar snøggbåten, er reisetida endå mindre.

Kontakt

 

Ledig næringsareal

Meland kommune har interessante ledige næringsareal for deg som er på jakt etter eit område å etablere di verksemd. 

Ledige areal og tomtar er presentert på Arealguiden. Det unike med nettstaden er at du kjem inn i reguleringsplanane for det einskilde området.

Arealguiden tek utgangspunkt i eit kart der alle næringsareal er plotta inn, og du får opp bilete og ei kort skildring av det einskilde areal, med lenkje direkte inn i gjeldande reguleringsplan for området. Du finn og lenkje til tilbydarane sine nettstader for dei aktuelle areala og tomtane.

Det digitale kartet viser alle areal av ein viss storleik i kommunen. Her finn du både jomfrueleg mark for sal og kontorbygg med areal som kan kjøpast eller leigast.

Er det større areal eller kontorbygg i kommunen som til no ikkje er med i guiden, så gje tilbakemelding anten til kommunen eller til Vidar Totland på e-post: vidar@brb.no.

Arealguiden

Bergensregionen har for få ferdig regulerte næringsareal der næringslivet ønskjer seg areal, derfor har Business Region Bergen arbeidd med å skape oversikt over ledige areal. Med den nye arealguiden  har heile regionen fått eit nyttig verktøy for å få ein slik oversikt, seier Vidar Totland i Business Region Bergen, som er sentral i sjølve utviklinga av Arealguiden. Han kjenner ikkje til andre system som på dette viset koplar næringseigedommar med til dømes reguleringsplanane til alle areala, slik dette kartet gjer.

Kartet er utarbeidd av Business Region Bergen og Greater Stavanger.

Kontakt


Sist oppdatert: 12.11.2018
Publisert: 08.10.2018