Landbruk

Kontakt landbrukskontoret

Treng du å komme i kontakt med oss på landbruksavdelinga? Ring gjerne eller send oss ein e-post:

Landbrukskontoret finn du på kommunehuset på Frekhaug, postboks 4, 5918 Frekhaug. 

Landbrukskontoret har ansvaret for kommunal sakshandsaming innan landbruks-, natur-, miljø- og viltforvaltning. Vi er oppmuntrande og bidreg aktivt til (nærings)utvikling og eit godt, robust landbruksmiljø.

Oppgåvene våre

  • Arbeide for å oppretthalde jordbruket på dagens nivå
  • Tilby god informasjon og rådgjeving til gardbrukarane og delta i interkommunalt samarbeid
  • Arbeide aktivt for å sikre rekruttering av ungdom
  • Informere og motivere grunneigarane til å ta vare på kulturlandskapet.
  • Lage skjøtselplan for kystlynghei og andre kulturlandskap i kommunen
  • Rullere tiltaks og skogsvegplan for skogbruk
  • Arbeide for at biologiske mangfald og miljø vert teke vare på ved alle skogtiltak
Tilskotsordningar i landbruket

Du kan lese meir om dei ulike tilskotsordningane i landbruket her.

Landbruket i Alver kommune

Alver kommune har utvikla seg til å bli ein urban kommune der dei sentrumsnære områda er tett befolka. Eit aktivt landbruk skaper kommunen sin utsjånad i stor mon, og held i hevd gammal kultur som er med å skape identitet og stadkjensle. Eit aktivt landbruk er eit globalt ansvar i ei tid med press på areal til matproduksjon, og behov for fornybar energi og fiberproduksjon.

Meir om landbruket i Alver kommune

Trykk her for lese meir om landbruket i Alver, Austrheim, Fedje og Modalen kommunar.

Gardskart

Gardskart finn du opplysningar om markslag, areal og andre opplysningar for landbrukseigedomar.
Når du har søkt opp eit gards- og bruksnummer kan du bruke kartmenyen til venstre for å få opp ulike kartlag. For dei som søkjer produksjonstilskot i jordbruket er det jordbruksarealet som kjem fram på gardskartet som er grunnlag for søknaden.
Areal endrar seg som regel over tid. Enkelte område gror att, andre vert nydyrka, nokre areal skiftar eigar, grenser kan verta endra, nye vegar kjem til, eller gamle vert fjerna. Det kan og oppstå feil i produksjonsprosessen. Gardskartet vil vera eit grunnlag for å avdekka og retta opp slike feil. Finn du feil i gardskartet, ta kontakt med kommunen.

Dyrehald

Mattilsynet har ansvar for dyrehald og dyrevelferd. Hugs å melda frå til dei om du skal starta opp nytt dyrehald.
Ved oppstart av nytt husdyrhald vil du trenga eit produsentnummer når du skal bestilla øyremerke. Dette får du ved å kontakta kommunen.

Trykk her for meir informasjon om dyrehald

Plantevern

Har du bestått eksamen plantevern og treng autorisasjonsbevis? Ta kontakt med kommunen som har ansvar for å utsteda slike bevis.

Trykk her for meir informasjon om bruk av plantevernmidlar.

For å finne informasjon om kurs, ta kontakt med Norsk Landbruksrådgiving Vest.

Trykk her for meir informasjon om Norsk Landbruksrådgiving Vest.

Gjødsling

For å søkja om produksjonstilskot er det eit krav at du har gjødselplan eller fritak for slik. Skal du utarbeide gjødselplan kan du kontakte kommunen for å låna utstyr til å ta jordprøvar eller du kan få tinga plan hjå Norsk landbruksrådgiving.

Du kan søkja om fritak for gjødselplan dersom du har få dyr, stort areal og gjødslar lite = ekstensivt drift.

Trykk her for søknadsskjema, fritak for gjødselplan

Driveplikt

Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Legg ved kart over eigedomen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket.

Trykk her for skjema for jordleigeavtale.

Målgruppe

Eigarar av jordbruksareal (som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite)

Kriterium/vilkår

Kommunen vil leggje vekt på:

  • Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • Arealets storleik og avkastningsevne
  • Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedomen ligg
  • Søkjarens livssituasjon

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtakets utløp.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Høve til å klage

Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er teke imot. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje

Rundskriv og lovar

Driveplikta etter jordlova (rundskriv)

Jordlova § 8 Driveplikt

Deling av landbrukseigedom

Har du tenkt å dele ein eigedom du nyttar eller kan nytte til jordbruk eller skogbruk, må landbruksmyndigheitene godkjenne delinga. Dersom føremålet med delinga gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, må samtykke til omdisponering godkjennast først.

Målgruppe

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom eller kan dokumentere ein privatrettsleg rett til eigedommen.

Kriterium/vilkår

Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.


Ein skal då vurdere:

  • Om omsynet til vern av arealressursane blir sikra
  • Om det er ei driftsmessig god løysing
  • Om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området


Ein kan òg leggje vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet med jordlova. Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling dersom det er naudsynt av omsyn til busetjinga i området.

Rettleiing - Korleis få utført eller motta tenesta

Du må søkje om å få dele landbrukseigedommen. Søknaden sender du til kommunen der eigedommen ligg. Gjer greie for eigedommen og plasseringa til det arealet du søkjer om å dele av.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er naudsynte for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til det med opplysning om når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Rundskriv og lovar

Landbrukseiendom - omdisponering og deling (rundskriv).

Jordlova § 12 Deling

Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker

Konsesjon og eigedomsoverdraging

Ved overtaking av fast eigedom, må du i nokre tilfelle søkje kommunen om konsesjon for kjøpet. Derom eigedomen er unnateke krav om konsesjon må du fylle ut skjemaet "Eigenfråsegn om konsesjonsfridom" og sende til kommunen. For nokre eigedomsovertakingar treng du verken søknad eller eigenfråsegn- desse står opplista i Rundskriv for tinglysingen 15.1. Alver kommune har ikkje nedsett konsesjonsgrense.

Før du kan sende skøyte til kartverket for tinglysing må du sende søknad om konsesjon eller eigenfråsegn om konsesjonsfritak inn til kommunen. Når positivt vedtak på søknaden om konsesjon er gjeven, eller eigenfråsegna er stadfesta av kommunen vert opplysningar om dette ført direkte i matrikkelen.

Søkjar/kjøpar får tilbakemelding frå kommunen straks tilhøvet ved konsesjon er ført i matrikkelen. Dette er klarsignalet for oversending av skøyte til tinglysing.

For rask tilbakemelding frå kommunen er det viktig å oppgje e-postadresse eller telefonnummer i søknad/skjema. Eventuell innsending av skøyte til tinglysing før kommunen har ført opplysningane om konsesjon i matrikkelen fører til retur av innsende dokument frå tinglysinga.

Søknadsskjema

Søknad om konsesjon på erverv av fast eigedom mv.

Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved erverv av fast eigedom mv.

Målgruppe

Kjøparar av fast eigedom.

Kriterium/vilkår

Søkje om konsesjon

Dersom eigedommen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon.
Det er ein del kriterium for å få ein slik konsesjon, blant andre:

  • At den avtalte prisen er innanfor ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling
  • Omsynet til busetjinga i området
  • At overtakinga tek vare på ei driftsmessig god løysing
  • At den som tek over blir rekna som skikka til å drive eigedommen
  • At overtakinga tek vare på omsynet til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet


Fritak frå konsesjonsplikt

Hovudregelen er at du kan tileigne deg / kjøpe bebygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og heller ikkje har meir enn 35 dekar fulldyrka/overflatedyrka jord og/eller 500 dekar skog, utan å søkje konsesjon. Det same gjeld tomter til bustad- og fritidsformål, og ubebygd areal som er lagt ut til anna enn landbruksformål. Tileigning/kjøp frå nær familie er også friteke frå konsesjonsplikt.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er naudsynte for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til det med opplysning om når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Meir informasjon

Landbruksdirektoratet - om konsesjon
Rundskriv for Tinglysingen 15 Konsesjon

Lovverk

Konsesjonsloven
Forskrift om konsesjonsfrihet
Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker

Smaken av Nordhordland

Prosjektet har som mål å utvikle ei lokalmatklynge i Nordhordland. Du kan lese meir om prosjektet her.

Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda!

Korleis nytte massar frå utbygging som ressurs for landbruk og samfunn på ein god måte for innbyggjarar og miljø? Det har vore hovudproblemstillinga som prosjektgruppa i prosjekt "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda" har jobba med det siste året.

Det er laga ein rettleiar. Den finn du her.

Driftsbygning

Trykk her for å lese meir om driftsbygning

Nydyrking

Nydyrking er peika på som ein av fleire måtar vi kan nå det nasjonale målet om å auke norsk matproduksjon på. Dersom du ønskjer å dyrke nye areal til jordbruksføremål, må du søke kommunen om godkjenning. Du kan lese meir om søknads-prosessen hjå landbruksdirektoratet


Trykk her for meir informasjon og skjema

Trykk her for forskrift om nydyrking

Erstatningsordningane i landbruket 

Naturskader

Jordbruksføretak kan gis erstatning for å redusere økonomiske tap ved klimabetinga svikt i plante- eller honningproduksjon, som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
Ordninga gjeld berre skader som er forårsaka av klimatiske tilhøve (været), og som det ikkje er mogleg å teikne privat forsikring for. Føretaket må drive faglig forsvarleg, førebygge og avgrense skadane.

Trykk her for informasjon om erstatning ved avlingssvikt

Trykk her for informasjon om naturskadeordninga

Trykk her for informasjon om naturskade

Avlingsskade 

Jordbruksføretak med vesentleg avlingssvikt kan søke om erstatning. Avlingssvikten må ha ei klimatisk årsak som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Erstatning føresett at det er godt dokumentert at det er ein klimatisk skade som er årsak til avlingssvikten.

Trykk her for informasjon om erstatning ved avlingssvikt

Trykk her for informasjon om erstatningsordningane i landbruket

Lovverk
Svartelista planter

Trykk her for meir informasjon om svartelista planter


Sist oppdatert: 04.04.2024
Publisert: 13.12.2019