Søk om tid i kommunale idrettsanlegg og kulturbygg
Vil du søkje om fast tid i idrettsanlegg eller kulturbygg?
Frivillige lag og organisasjonar kan søke om fast tid i kommunale bygg og idrettshallar i Alver kommune. Tildelt tid følger skuleruta for 2024-25 (haust–vår).
Søknadsfristen var 7. april 2024.
Etter søknadsfristen er ute, vert ledige tider tildelt fortløpande. Ein søkjer då gjennom www.aktiv-kommune.no.
Tildelingsprosessen kan ein lese meir om i Utleigereglementet. Der finn ein mellom anna informasjon om prioritering av ulike grupper dersom ein har søkt same tid.
Spørsmål kan rettast til:
Vil du søkje tid til enkeltarrangement?
Du kan nytte Aktiv kommune for å søke tid til arrangement, eller om du finn ledig tid over periodar du, eller ditt lag ønskjer å søke om.
Trykk her for å bestille/søkje tid på aktiv kommune
Leige av andre kommunale bygg og anlegg
Kontakt oss på e-post booking@alver.kommune.no eller
telefon 45 32 28 80.
Prisar
Betalingssatsar for kommunale idrettsanlegg, møterom og kulturbygg.
Utleigereglement
Utleigereglementet inneheld ei oversikt over korleis du kan nytte kommunale lokale og anlegg og kva du må ta omsyn til.