Dagsturhytter

Dagsturhytter er eit lågterskeltilbod for turgåarar. Ei hytte er om lag 15 kvadratmeter og er ein plass der du kan ete matpakka di, få litt varme i deg og bla i bøker. 

Sjøbua dagsturhytte i Byngja, foto: Ola Moen

Sjøbua i Byngja ligg omlag to kilometer sør for Bøvågen på Radøy. Det er omlag 800 meter å gå frå parkeringsplassen til Sjøbua. Turen er svært lett å gå, og det ligg også føre planar om å gjera traseen fram til hytta universelt utforma. Hytta er også tilgjengeleg sjøvegen.

Vardebu på Vardefjellet ved Lindås

Vardebu ligg på Vardefjellet (211 moh) i nærleiken av Lindås. Det er omlag 1,2 kilometer å  gå frå parkeringsplassen til hytta. Det er asfaltert veg første delen, og deretter grusveg heilt fram til dagsturhytta. Delar av strekningen er svært bratt. Frå hytta er det flott utsikt. Det er toalett ved hytta. 

Dagsturhytta Vardebu på Vardefjellet ved LIndås

 Eldsbu ved Varden på Eldsfjellet

Eldsbu ligg like i nærleiken av Varden på Eldsfjellet (224 moh). Det er parkeringsplass ved motorsportsenteret på Rossland, og stien startar omlag hundre meter lenger nord. Stien er bratt store delar av turen. Frå Eldsbu har ein flott utsikt. Det er toalett ved Eldsbu. 

Dagsturhytta Eldsbu ved Varden på Eldsfjellet.

Meir informasjon

Les meir om dagsturhyttene i Noreg.


Sist oppdatert: 16.11.2020
Publisert: 16.11.2020