HeimKultur og aktivitetBorgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Før du tar kontakt med kommunen

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller krava til ekteskap.

Trykk her for å gå til Skatteetaten sin rettleiar for vegen til ekteskapet.

På heimesida til Skatteetaten kan de fylle ut dei skjema som skal til for at Skatteetaten kan sende ein såkalla «prøvingsattest» i retur til dykk.

Det er viktig å merke seg at:

  • Prøvingsattesten er gyldig i fire månader og må vere gyldig den dagen de skal gifte dykk.
  • Dersom de har reservert dykk mot digital post, vert prøvingsattesten sendt i posten.
  • De må sende den originale prøvingsattesten til oss, ikkje ein kopi.
  • Prøvingsattesten sender de til:
  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug
  • Merk brevet med «vigsel». De kan også levere attesten på eit av våre kontor for innbyggjarservice som ligg i senteret i Knarvik (2. høgda i promenaden), på kommunehuset på Frekhaug og på kommunehuset på Manger.

Slik bestiller du tid

Fyll ut skjema under og legg ved gyldig prøvingsattest. 

Kvar og når skjer seremonien?

Kommunestyret har godkjend rådhuset i Knarvik og Frekhaug og Tingstova på Manger som vigselsstader i Alver kommune. Alver kommune vil så langt som råd prøve å etterkome brudeparet sine ønskje om vigselsstad. 

Vigsel vil i hovudsak føregå på fredagar mellom klokka 12.00 og 15.00.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å gifte seg på rådhuset i Knarvik, Frekhaug eller tingstova på Manger. Om val av anna vigselsstad fører med seg ekstraordinære kostnader/planlegging, må brudeparet sjølv stå for organisering og meirkostnader.

Kven står for vigselen?

Vigslarar vert oppnemnde av kommunestyret i Alver. Dei som har fått vigselsmynde i Alver kommune er:

  • Ordførar Sara Hamre Sekkingstad
  • Varaordførar Nina Bognøy
  • Jostein Borlaug (frå kommunestyret)
  • Jarle Landås (kommuneadvokat)
  • Eirik Bouwer Utne (kultursjef)

Sist oppdatert: 07.07.2023
Publisert: 20.08.2018