Bibliotek

Finn ditt bibliotek

Alver bibliotek har tre avdelingar, to filialar og ein bokbuss:

  • Frekhaug bibliotek ligg i kommunehuset på Frekhaug, Havnevegen 39
  • Knarvik bibliotek ligg i Amfi Knarvik.
  • Manger bibliotek ligg på Radøy ungdomsskule.
  • Lindås filial i Lindåshallen.
  • Bokbussen Nyfiken besøkjer barnehagar og skular i kommunen

Biblioteka på Frekhaug, i Knarvik og på Manger har ansvar for ulike hovudområde.

  • Biblioteket på Frekhaug er eit bibliotek for kultur og oppleving. Her finn du mest romanar og forteljingar.
  • Biblioteket i Knarvik er eit bibliotek for kunnskap og oppdaging. Her finn du mest bøker om fag, fakta og hobby.
  • Biblioteket på Manger har ansvar for barne- og ungdomslitteratur. Alle tre biblioteka har like gode samlingar på barne- og ungdomslitteratur, men Manger har ei større samling av eldre bøker som ikkje er like etterspurt lenger og i tillegg har personalet større kompetanse på barne- og ungdomslitteratur.

Det er transport mellom biblioteka fleire gonger i veka og ein kan låne og levere der det passar for ein.

Kva skjer på biblioteket?

Biblioteket har ein del «faste» arrangement, som til dømes lesestund, språkkafé og bibliotekkonsertar. I tillegg har biblioteket foredrag, bokslepp, forfattarmøte og samtalar. Føl med på nettsidene til kommunen og biblioteket for å få ei oppdatert liste over arrangement.

Kva kan du gjere hos oss?

Låne bøker, tidsskrift, lydbøker og film, sjølvsagt!
Du kan i tillegg:

  • Låne datamaskin
  • Skrive ut, skanne og kopiere dokument. (Utskrift og kopiering kostar pengar, ta kontakt med biblioteket for oppdaterte prisar).
  • Kople deg til gratis wi-fi
  • Lese på biblioteket. Biblioteket abonnerar på fleire aviser og tidsskrift.
  • Låne biblioteket som møterom (lag og organisasjonar)
  • Låne og spele på Playstation (Knarvik)
Opningstider

Oppdaterte opningstider for heile Alver bibliotek finn ein på nettsidene våre: Trykk her for å sjå Alver bibliotek sine nettsider

Utvida opningstid

Biblioteket i Knarvik er meirope. Det vil seia at du kan kome inn på biblioteket når personalet ikkje er til stades. For å få tilgang til meirope bibliotek, må du skrive under ein kontrakt. Kontrakten finn ein på nettsidene til biblioteket. 

Trykk her for å sjå Alver bibliotek sine nettsider

Biblioteket i Lindåshallen er meirope når hallen er open. I Lindåshallen treng ein ikkje kontrakt for å nytte biblioteket når personalet ikkje er der. Hugs å ta med lånekort.

Nettsidene

På nettsidene våre kan ein logge seg inn med lånekortnummer og pin-kode. Her får ein oversikt over låne sine. Ein kan også fornye og reservere bøker og oppdatere personlege opplysningar.
Ein finn også meir informasjon om tilboda til biblioteket, opningstider, boktips, aktuelle artiklar og arrangement.

Trykk her for å sjå Alver bibliotek sine nettsider

Bli ein lånar

Slik blir du ein lånar

  1. Ta med deg legitimasjon på biblioteket.
  2. Ta kontakt med ein tilsett på biblioteket og be om hjelp til å bli registrert.
  3. Du kan velje mellom eit lokalt eller eit nasjonalt lånekort. Det lokale lånekortet gjeld for alle biblioteka i Nordhordland, medan det Nasjonale lånekortet kan du bruke på alle bibliotek i Noreg. Vi må registrere personnummeret ditt om du vil ha eit Nasjonalt lånekort.

Barn låner på foreldra sitt kort fram til dei startar på skulen. Då får barna eit eige kort som ligg på skulen og vert brukt på skulebiblioteket og bokbussen. Det er mogleg å få eit ekstra lånekort som barna kan bruke på biblioteket på fritida.

Lånekort på mobil

Ein kan bruke det digitale lånekortet på utlånsautomatane og ved å kome seg inn på meirope. For dei som er lånarar på Bergen offentlege bibliotek, så kan ein bruke appen deira eller viss ein har eit nasjonalt lånekort, så kan ein logge seg på www.bibliotekkortet.no.

Kva kostar det?

Det første lånekortet er gratis, og barn under 15 år får to lånekort gratis. Viss du mistar lånekortet ditt, så må du betale 20 kr for å få eit nytt kort om du er over 15 år eller 10 kr om du er under 15 år. 
Ver vennleg å ta kontakt med biblioteket om du skiftar adresse, mobilnummer eller e-post.

Lånetid

Det er gratis og inga avgrensing for kor mykje du kan låne på biblioteket.
Lånetida varierer frå:

  • Fire veker for bøker, lydbøker, tidsskrift og CD-ar
  • To veker for snøgglånsbøker (eit utval av dei mest populære bøkene)
  • Ei veke for dvd-ar 
  • Lånetida på materiale bestilt frå andre bibliotek utanfor Nordhordland kan variere
  • Det siste nummeret av alle tidsskrift og aviser er ikkje til utlån
Vil du fornye lånet ditt?

Det er mogeleg å fornye det du har lånt to gonger viss ikkje andre har reservert det. Du kan fornye det du har lånt via automatane i biblioteket, e-post, telefon eller via heimesida til biblioteket www.nordhordlandsbiblioteka.no.

Vil du reservere eller bestille?

Det er mogeleg å reservere materiale som er utlånt eller under innkjøp.
Dette kan du gjere i biblioteket eller via heimesida vår, www.nordhordlandsbiblioteka.no. 

Det er også mogeleg å bestille materiale frå dei andre biblioteka i Nordhordland på heimesida til biblioteket. For å bestille materiale frå andre norske bibliotek, må du ta kontakt med biblioteket. Når materialet som du har reservert eller bestilt kjem til biblioteket, så vert det sendt ut ein sms, e-post eller eit brev til deg.

Slik leverer du

Lever materialet på automaten i biblioteket eller til personalet. Biblioteka på Frekhaug, Knarvik og Manger har ein innleveringskasse utanfor inngangen som ein kan leggje bøkene i når biblioteka er stengt. I Knarvik er innleveringskassen tilgjengeleg i senteret sine opningstider, medan innleveringskassen på Frekhaug og Manger er tilgjengeleg heile døgnet. Det er mogeleg å levere inn materiale som høyrer til andre norske bibliotek på Alver bibliotek.

Viss du ynskjer det, så kan du få ei påminning på sms når lånetida held på å gå ut.

Purring

Viss du ikkje leverar innan fristen, får du purring.
Alver bibliotek krev ikkje lenger inn purregebyr, men ein sender framleis ut purringar. Biblioteket vil ha attende alt som vert lånt ut, slik at fleire kan ha glede av det.
Om du ikkje leverer materiale etter tre purringar, sender vi erstatningskrav for det du har lånt. For prisar på erstatningskrav, sjå lånereglar på nettsidene våre.

Trykk her for å sjå Alver bibliotek sine nettsider  

Erstatningskrav gjeld både for dei som er under og over 15 år.

E-bøker, e-tidsskrift, e-aviser og filmar

Biblioteket tilbyr fleire ulike app’ar og nettsider for utlån og lesing av ulike medietypar og på ulike språk.

Desse digitale tenestene kan biblioteket tilby brukarane sine:

  • Bookbites – utlån av e-bøker og e-lydbøker
  • Cineast – strømming av filmar
  • Filmbib – strømming av norske kort- og dokumentarfilmar
  • Filmoteket – strømming av filmar
  • Flipp – e-tidsskrift/vekeblad på norsk, svensk og dansk
  • Pressreader – e-aviser og e-tidsskrift på mange ulike språk.

Det varierar korleis ein får tilgang til desse tenestene, for meir informasjon sjå nettsidene våre: 

Trykk her for å lese meir på Alver bibliotek si heimeside


Sist oppdatert: 07.11.2023
Publisert: 27.09.2019