HjemKultur og aktivitetAlver kulturråd

Alver kulturråd

Alver kulturråd er ein høyringsinstans for administrasjonen, ein medspelar for politikarane og eit talerøyr for kulturrelaterte lag og organisasjonar.

Det er ein styrke at dei kulturrelaterte lag og organisasjonar kan samlast under ein paraply, slik idrettslaga har sitt idrettsråd.

Vi håper at ditt lag kan sjå nytta av å vere del av ein felles kulturstemme når planar skal leggjast, pengar skal fordelast og bygg skal reisast.

Kommuneadministrasjonen og politikarane treng å samspele for at gode tenester skal samskapast med frivillige lag og organisasjonar.


Sist oppdatert: 19.05.2023
Publisert: 03.04.2023