HeimHelse, sosial og omsorgVelferdsteknologi

Velferdsteknologi

Kvifor velferdsteknologi?

I åra som kjem reknar vi med at talet eldre aukar og at fleire yngre med kroniske sjukdommar får eit auka behov for helse- og omsorgstenester. På same tid vil truleg tilgangen på arbeidskraft gå ned. For å imøtekomme dette skal kommunane ta i bruk velferdsteknologi. Vi ser etter smartare måtar å gje støtte til sjølvhjelp og meistring i kvardagen.
Tenesta byggjer på teknologiske løysingar som kan medverke til meir sjølvstendige liv trass ulike hjelpebehov. Velferdsteknologi er tekniske hjelpemiddel og alarmar som gjer varslar til deg sjølv, pårørande eller heimetenesta.

Slik søkjer du

Søknadsskjema helse- og sosialetenester 

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Meland eller send til:

Meland kommune
Velferdsteknologi
Postboks 79
5906 Frekhaug

Kven kan få tilbodet?

  • Du må bu i Meland kommune
  • Du må ha tilgang til mobilt nett

Kva får du?

  • Du får tryggleiksskapande teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • Du får opplæring og informasjon
  • Du blir meir sjølvstendig og mindre avhengig av andre
  • Du kjem raskt i kontakt med helsepersonell

Utstyr

  • Stasjonær alarm + sensorar (varslar betent alarmsentral)
  • Lokaliseringsteknologi
  • Elektronisk medisindispensar

Kva kostar det?

Pris for velferdsteknologi vert det same som for tryggleiksalarm. Sjå oversikt her:

Eigenbetaling for tenesteyting innan helse- og sosialetenester 

Ønskjer du meir informasjon

Ta kontakt med ressursgruppa i Meland kommune

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Du kan også finna meir informasjon på denne nettsida:
https://helsedirektoratet.no/velferdsteknologi

Vestlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi

http://vestlandsprosjektet.no/

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 04.06.2019
Publisert: 04.06.2019