Hjelpemiddellageret
Mellombels behov for hjelpemiddel
Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt med kommunen sitt hjelpemiddellager, sjå kontakt oss.
Hjelpemiddellageret har eit hentelager kor ein sjølv eller pårørande kan hente hjelpemiddel frå kl. 08.00 - 18.00 på kvardagar (får utdelt kode til dør).
Dette kan du få
- toalettforhøyer
- armlene til toalett
- toalettstol
- dusjkrakk
- transportrullestol
- underarmsrullator
- rullator
- sengebord
- terskeleliminator
- kjøreskinne
Dersom tilgjengeleg på lager:
- badekarbrett
- arbeidsstol
I tillegg gjer Hjelpemiddellagret teknisk tilpassing og reparasjonar hjelpemiddel. Dei flytter fastmonterte og større hjelpemiddel innvilga frå NAV hjelpemiddelsentral og returnerer dei hjelpemidla som skal tilbake til NAV hjelpemiddelsentral.
Varig behov for hjelpemiddel
Har du eit varig behov for hjelpemiddel, tar du kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen. Eit varig behov er eit behov i meir enn to år. Ergoterapeut eller fysioterapeut kan hjelpe deg med å søkje om varig lån av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentral til NAV.
- Trykk her for søknadsskjema for ergoterapi
- Trykk her for søknadsskjema for fysioterapi
- Trykk her for å lese meir om korleis du søkjer hjelpemiddel på heimesida til NAV.
Slik klagar du
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.
Kontakt oss
Hjelpemiddellageret på Mjåtveit er kun bemanna etter avtale med hjelpemiddelteknikar (sjå kontaktinformasjon).
- Besøksadresse:
Hjelpemiddellager Alver kommune
Mjåtveitflaten 23
5918 Frekhaug - Postadresse:
Hjelpemiddellager Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: hjelpemiddellageret@alver.kommune.no - Hjelpemiddelteknikar
Rune Berland
Mobil: 40 91 08 93 - Hjelpemiddelteknikar
Tommy Rasmussen
Mobil: 95 23 91 34 - Hjelpemiddelteknikar
Janne Iden
Mobil: 48 48 08 76 (tirs-tors)