Influensa
Det blir massevaksinering 24. og 25. oktober i Nordhordlandshallen. Du treng ikkje bestille time.
Dersom du ønsker det, kan du få influensavaksine og koronavaksine samtidig.
Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning får tilbod om vaksinen der dei bur.
Kven bør ta influensavaksine?
FHI anbefaler desse gruppene å ta influensavaksine:
- Alle frå 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
- Barn og vaksne med:
- Diabetes type 1 og diabetes type 2
- Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- Nedsett immunforsvar
- Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40)
- Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa
FHI anbefaler i tillegg vaksine til desse gruppene:
- Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
- Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte pasientar
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
- Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.
Trykk her for å lese meir om influensavaksinen på Folkehelseinstituttet sine sider.
Vaksinering hjå fastlegen din
Er du i ei av risikogruppene, kan du få influensavaksine hjå fastlegen din dersom du alt har ein time.
Barn
Har du barn i alderen 0 til 5 år som er i ei av risikogruppene, kan du ringe
56 37 59 19 for å avtale tidspunkt for vaksinering. Barn får vaksinen på helsestasjonen.
Alle barn under 16 år må ha samtykke frå føresette.
Trykk her for samtykkeskjema.
Gravide
Gravide kan få influensavaksine hjå jordmor eller fastlege på allereie avtalte timar.
Vaksinering på apotek
Apoteka tilbyr influensavaksine både til deg som er i ei risikogruppe, og til deg som ikkje er det.
Du kan bestille time sjølv på Helseboka:
Koronavaksine
Ønskjer du oppfriskingsdose med koronavaksinen?