Sjukeheimen

Slik søkjer du

Korttidsopphald - "Solkroken"

Korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald i sjukeheim eller bustad med heildøgns omsorgstenester for personar som har behov for rehabilitering, habilitering og utgreiing.

Korleis søkje om plass?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om korttidsopphald på sjukeheimen. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan også hjelpe deg, til dømes ein nabo, men du må då gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Søknadsskjema

Søknad sendast til:
Meland kommune, ved Inntaksnemnda, Postboks 79, 5906 Frekhaug.

Kartlegging av behov 

Før saka kan avgjerast vil vi gjere ei grundig kartlegging av ønskje, behov og ressursar. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet du har gå fram av vedtaket. Eit avslag skal vere grunngjeve.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. Inntaksnemnda har møte kvar tysdag.

Langtidsopphald - "Nordgardstunet" og "Lerketunet"

Dei som ikkje får dekka sitt daglege behov for pleie og omsorg ved heimebaserte tenester, kan søkje om langtidsopphald i institusjon.

Korleis søkje om plass?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan også hjelpe deg, til dømes ein nabo, men du må då gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Søknadsskjema

Søknad sendast til:
Meland kommune, ved Inntaksnemnda, Postboks 79, 5906 Frekhaug.

Kartlegging av behov 

Før saka kan avgjerast, vil vi gjere ei grundig kartlegging av ønskje, behov og ressursar. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet du har, gå fram av vedtaket. Eit avslag skal vere grunngjeve.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. Inntaksnemnda har møte kvar tysdag.

Dagsenter for eldre

Dagsenter er eit tilbod til eldre heimebuande i Meland kommune. Senteret er lokalisert på Meland sjukeheim.

Søknadsskjema 

Brukarane av dette tilbodet må søkje om plass og få det stadfesta med eit vedtak. Her får dei frukost og middag, trim og andre aktivitetar samt sosialt samvær.

Målsetjing for tilbodet er å:

  • Skape kontakt mellom heimebuande og brukarane på institusjonen
  • Gje tilbod om aktivitetar og service
  • Bryte einsemd og etablere kontakt
  • Avlasting til pårørande
  • Lage eit miljø det tryggleik og glede står i fokus

Kva kostar det?

Eigenbetaling helse og omsorgstenester

Sjukeheimstilbodet

Sjukeheimstilbodet er lovregulert og inneheld:

  • Naudsynt hjelp til personleg hygiene
  • Måltider
  • Medisinar/ medisinsk forbruksmateriell
  • Legetilsyn
  • Tannpleiehelseteneste
  • Fotpleie
  • Ergo- og fysioterapiteneste
  • Sosiale aktivitetar

Alle kan søkje sjukeheimsplass uansett alder. Ein føresetnad for å få plass er at det ikkje er mogleg å gje hensiktsmessige tenester i eigen heim. Det vert fatta vedtak i Inntaksnemnda som normalt har møte ein gong per veke. Til vanleg kan svar på søknad ventast innan 1-2 veker (avhengig av når søknaden er motteke).

For å få langtidsplass må behovet for medisinsk behandling og/ eller sjukepleie må vere av så omfattande karakter at det er behov for heildøgns pleie og omsorg i institusjon.

Andre aktuelle hjelpetiltak skal vere vurdert før langtidsplass i sjukeheim vert innvilga, som til dømes:

  • Tilrettelegging av hjelp i heimen, til dømes heimeteneste
  • Tilpassing av bustad, eventuelt skal butilbod vere vurdert i høve til søkjar si fysiske, psykiske og sosial situasjon. Viser også til kommunen sitt tilbod om tilpassa omsorgsbustader med auka omfang av heimetenester.
  • Korttids- og vekselsopphald i sjukeheim der søkjar må over tid kunne veksle mellom å bu heime og på sjukeheim. Det må vere klare mål for vekselsopphald. Opphaldet er avgrensa og skal gje forutsigbarhet for søkjar og pårørande. Søkjar må ha behov for jamnlege og forutsigbare sjukeheimsopphald for å meistre kvardagen. Søkjar skal kunne bli buande heime lenger, ved innvilga slik teneste
  • Familiesituasjon og nettverk skal vere kartlagt
  • Sosiale støttetiltak, til dømes dagsenter. Dagsenteret har ope kvar dag frå mandag til fredag
  • Tryggleiksskapande tiltak, til dømes tryggleiksalarm. Brukaren ber alarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar.

For meir informasjon, ta kontakt med avdelingsleiar eller kontaktpersonen på den enkelte avdeling.

Ein gjer merksam på ein ønskjer at ein nyttar kommunen sitt søknadsskjema ved behov for tenester og sender det til adresse: Meland kommune, pleie- og omsorg, postboks 79, 5906 Frekhaug.

På sjukeheimen har vi fire avdelingar:

 ©Foto: Meland kommune og Solrun T Albrechtsen

 

Norgardstunet

Langtidsavdeling med teneste til 18 bebuarar/ pasientar.
Besøksadresse: Havnevegen 14, 5918 Frekhaug.
Telefon: 94 53 23 79

Lerketunet

Avdeling for 12 bebuarar/ pasientar som lever med demens sjukdom.
Besøksadresse: Havnevegen 12, 5918 Frekhaug.
Telefon: 94 53 23 72

Solkroken

Korttids- og rehabiliteringsavdeling til 9 pasientar.
Besøksadresse: Havnevegen 14, 5918 Frekhaug.
Telefon: 94 50 72 48

Dagsenter

Dagavdeling for heimebuande personar og pasientar/ bebuarar ved sjukeheimen.
Besøksadresse: Havnevegen 14, 5918 Frekhaug.
Telefon: 56 17 12 58

 

I tillegg har vi: 

Kjøkken

Kjøkkenet leverer mat til sjukeheimen, dagsenteret og varm middag til heimebuande personar med innvilga heimeteneste.

Besøksadresse: Havnevegen 14, 5918 Frekhaug.
Telefon: 56 17 12 23

Kontakt

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 12.11.2018
Publisert: 04.05.2018