Opplæring og rettleiing til pårørande
Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.
- Ring oss på 56 37 50 00
- Send ein e-post til forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Om tilbodet
Målet med opplæring og rettleiing frå den kommunale helse - og omsorgstenesta er å gi deg som pårørande støtte til å handtere og meistre rolla di som omsorgsytar. Vi gir dette tilbodet til den omsorgsmottakaren har ført opp som sin næraste pårørande.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Amfi Knarvik, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadene etter kvart som dei kjem inn til oss.
Kva får du?
- Pårørande får opplæring i særleg tyngande omsorgsoppgåver ut frå sine behov og ønske
- Pårørande får støtte og hjelp til å handtere og meistre rolla som omsorgsytar
Krav til søkjar
- Pårørande må ha behov for og ønske opplærings- eller rettleiingstiltak i utføringa av særleg tyngande omsorgsoppgåver, og ha evne og vilje til å ta imot og nyttiggjere seg tiltaka
- Opplæring- eller rettleiingstiltak må setje den pårørande i stand til å ta i vare brukaren på ein forsvarleg måte
- Opplæring og rettleiing som omfattar informasjon om omsorgsmottakaren som er underlagt teieplikt krev samtykke
- Omsorgsmottakaren må bu heime og ønske omsorga frå den pårørande
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.
- Ring oss på 56 37 50 00
- Send ein e-post til forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Nyttige lenkjer
Under finn du lenker til Pårørendesenteret sitt landsdekkande tilbod for pårørarnde i alle aldre.
Trykk her for å lesa meir om pårørendesenteret
Trykk her om du er ung og pårørande
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.