Omsorgsbustad

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som bur i Meland kommune og treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige ein omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa rørslehemma og bygd slik at du kan ta i mot nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer som for andre heimebuande.

For å sikre at du får det tilbodet som passer best for deg, vil sakshandsamar vanlegvis kome på heimebesøk. Avtale om heimebesøk gjer vi med deg eller den du har gitt fullmakt.

Slik søkjer du

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Søknadsskjema for omsorgsbustad

Kva får du?

  • Du får ein tilpassa bustad
  • Du kan søkje om bustøtte frå Husbanken

Krav til søkjar?

  • Du er 18 år eller eldre
  • Du må ha legeuttale
  • Du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • Du må betale husleige
  • Du må bu i kommunen

Kontakt oss

* Send søknaden til:
       Meland kommune
       Avdeling pleie og omsorg
       Postboks 79, 5906 Frekhaug
       Eller du kan levere den i resepsjonen på rådhuset.

( Ring oss på telefon 56 17 10 00

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 12.11.2018
Publisert: 21.09.2018