HeimHelse, sosial og omsorgNedsett funksjonsevneTT- kort (Transportordning for menneske med forflyttingsvanskar)

TT- kort (Transportordning for menneske med forflyttingsvanskar)

Størstedelen av transporten vert utført av ordinære drosjar. Transportkort skal berre nyttast til fritidsreiser. For å søkje om TT-kort må du fylle ut eit søknadsskjema. I tillegg må legen din fylle ut ei legeerklæring. Samla skal dette sendast inn til Hordaland fylkeskommune der søknaden vert avgjort av Legenemnda.

For meir utfyllande informasjon om ordninga sjå heimesida til Hordaland fylkeskommune.

Slik søkjer du

Søknadsskjema TT-kort

Legeerklæring 

Utfylt søknadsskjema sendast til: Hordaland fylkeskommune, Samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen.

Ved spørsmål kan de ta kontakt med sakshandsamar i samferdselsavdelinga på telefon: 55 23 93 64/ 55 23 93 63.

Saldo på kortet

TT- kortet vert fylt på elektronisk 1. juli og 1. januar.

Du kan få opplyst saldo og dei siste transaksjonane på TT-kortet ditt ved å taste inn personnummeret ditt på denne sida.

Du kan også ringe kontofonen på 21 51 45 41.


Sist oppdatert: 26.11.2018
Publisert: 31.05.2018