Fritidskontakt

Treng du fritidskontakt?

Slik søkjer du om fritidskontakt

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Amfi Knarvik, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:

Kva får du?

Formålet med tenesta er å førebyggje einsemd og isolasjon, gje bistand for tilrettelegging og oppfølging på fritida.

Vi har tre tilbod:

  • Individuell fritidskontakt
  • Fritidskontakt i gruppe
  • Individuelt tilbod i samarbeid med frivillig organisasjon

Fritidskontakten kan besøkje deg heime, gå saman med deg på tur eller bli med på ulike aktivitetar og arrangement. Tilbodet vert planlagt saman med deg ut frå dine behov og interesser.

Ein fritidskontakt er ikkje meint å nyttast til praktiske oppgåver som husvask, handling, følgje til frisør, lege og liknande.

Fritidskontakt signerer teieplikt og leverer politiattest før oppstart. 

Fritidskontakten har vanlegvis ingen spesiell faglig bakgrunn, men får opplæring og blir følgt opp av fagfolk.

Kven kan søkje om fritidskontakt? 

Fritidskontakt er for deg som på grunn av somatisk eller psykisk sjukdom, rusproblem, sosiale utfordringar eller nedsett funksjonsevne, treng hjelp til å skape ei aktiv og meiningsfull fritid, samt førebyggje isolasjon.

Kommunen vil i dialog med deg som søkjar vurdere behovet for fritidskontakt eller om det eventuelt er andre tenester som passar betre for deg.

Søkjar må som hovudregel vere fylt 10 år. 

Kva kostar det?

Det er gratis å ha fritidskontakt. Men du må rekne med å dekke dine eigne utgifter til aktivitetar de gjer saman, til dømes inngangspengar til symjehall, kinobillett, mat og så vidare.

Du kan ha rett på følgjebevis som gjør at støttekontakten din får gratis eller billigare inngang mange stader.

Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tek vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tek kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.

Kontakt

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtaket

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.

Vil du bli fritidskontakt?

Slik blir du fritidskontakt

Som fritidskontakt bidreg du med positive opplevingar og meistring av aktivitetar i eit anna menneske sitt liv. Det er tenestemottakar sine interesser og ønskjer som i stor grad avgjer innhaldet i tenesta. Som oftast er oppdrag pr veke på 2 til 5 timar. 

Kven kan bli fritidskontakt?

  • du må vere 18 år - du kan også kontakte oss om du fyller 18 år i år.
  • du må kunne leggje fram politiattest
  • du må vere påliteleg og trygg på deg sjølv 
  • du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette grenser
  • for å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du bind deg for minst eitt år

Godtgjering og forsikring

Timeløn er kr 166,62 pr time. I tillegg kjem kilometergodtgjersle og utgiftsdekning til fritidskontakt sine utgifter.

Som fritidskontakt er ein oppdragstakar, og har ikkje rett på feriepengar eller sjukepengar.

Slik søkjer du om å bli fritidskontakt

Send ein e-post til stottekontakt@alver.kommune.no.

I søknaden skriv du litt om deg sjølv. Kva erfaring, utdanning og fritidsinteresser har du? Kva tenestemottakarar vil du helst jobbe med? Eksempel på tenestemottakarar kan vere utviklingshemma, barn og ungdom, funksjonshemma, eldre eller menneske med psykiske lidingar.

Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice i Amfi Knarvik, på Frekhaug eller på Manger, eller send dei til:

  • Alver kommune
    Koordinator for fritidskontakt
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Kva skjer når du har søkt?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker.
  • Vi kallar deg inn til ein samtale for å finne ut meir om deg og gi deg meir informasjon om det å vere fritidskontakt.
  • Dersom vi ikkje har ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn den fram når vi har behov for nye fritidskontaktar. 

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00

Fritidskontakt

Utvikling av tenesta

Støttekontakttenesta starta i januar 2023 eit utviklingsarbeid i samarbeid med andre avdelingar i helse og omsorg. Målet er som tidlegare å gje gode tenester til dei som har behov for bistand til å oppleve ei meiningsfull fritid.

Me nyttar helsedirektoratet sin rettleiar og anbefalingar frå «Fritid for alle», samt gjeldande lovverk. "Fritid for alle" er ein nettstad som blir drifta av Nasjonal kompetanse for born og unge med funksjonsnedsetjingar(NKBUF). Dei har fått i oppgåve frå Helsedirektoratet å vere eit fagleg knutepunkt for fagfeltet støttekontakt, kultur- og fritidsdeltaking.

Alver kommune vil erstatte omgrepet «støttekontakt» med «fritidskontakt».

Bakgrunnen for dette er tilbakemeldingar frå tenestemottakarar. Utbetring av informasjon på heimesida er starta opp. 

I vidare arbeid vil ein kartleggje behov og ressursar i dei ulike avdelingane, for å sikre at tenestemottakarar i Alver kommune får hjelp til å oppleve ei meiningsfull fritid, og vidare kven som skal yte denne hjelpa.


Sist oppdatert: 27.06.2023
Publisert: 04.10.2019