HeimHelse, sosial og omsorgNedsett funksjonsevneParkeringsløyve for forflyttningshemma

Parkeringsløyve for forflyttningshemma

Slik søkjer du

Du kan enten fylle ut eit elektronisk søknadsskjema, eller fylle ut søknadsskjema på papir.

  • I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer
  • Legg ved eit passfoto. Skriv namnet ditt på baksida
  • I tillegg må legen din fylle ut ei legeerklæring. Ta kontakt med din fastlege


Send søknaden og vedlegga til:

Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din – ikkje send søknaden på e-post.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for parkeringsløyve. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret

Kva får du?

Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:

  • Reservert for rørslehemma merka med offentleg trafikkskilt
  • Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift
  • Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve
  • Stadar der det er innført bustadsoneparkering

Krav til søkjar

Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstand.

Du må dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid eller ved regelmessige aktivtetar, for eksempel legebesøk

Kontakt

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 20.03.2019
Publisert: 21.06.2018