Opplæring og rettleiing til pårørande
Om tilbodet
Dette er eit tilbod til pårørande med særleg tyngande pleie- og omsorgsoppgåver. Målet med opplæring og rettleiing frå den kommunale helse- og omsorgstenesta er å gje deg som pårørande støtte til å handtere og meistre rolla di som omsorgsytar. Vi gir dette tilbodet til den omsorgsmottakaren har ført opp som sin næraste pårørande.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Amfi Knarvik, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kva får du?
- Opplæring i særleg tyngande omsorgsoppgåver ut frå dine behov og ønske
- Støtte og hjelp til å handtere og meistre rolla som omsorgsytar
Krav til søkjar
- Du må ha behov for og ønskje om opplæring eller rettleiingstiltak i forbindelse med særleg tyngande omsorgsoppgåver.
- Det vert kravd samtykke frå brukaren når opplæringa og rettleiinga omfattar informasjon om brukaren som er underlagt teieplikt.
- Omsorgsmottakaren må bu heime og ønskje at du yt omsorg.
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Send ein e-post til: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.