HjemHelse, sosial og omsorgNedsett funksjonsevne og utviklingshemmingØkonomisk støtte til avlasting og følgje på feriereise

Økonomisk støtte til avlasting og følgje på feriereise

Om legatet

Gjennom Olaug og Reidar Rambergs legat kan alle med nedsett funksjonshemming og utviklingshemming søkje økonomisk støtte til avlasting og følgje på feriereise.

Legatstyre har fatta vedtak om at ordninga med støtte til følgje på feriereise held fram i 2024.

Imidlertid vert 2024 siste året ordninga gjeld, og ein kan difor ikkje søke på denne ordninga i 2025.

Alle søknader vert handsama etter søknadsfrist. Søknad kan sendast både før og etter ferien er avvikla, men då innan årleg søknadsfrist.

Kven kan søkje

Personar med nedsett funksjonsevne og utviklingshemming som treng følgje på feriereiser kan søke om inntil kr. 8000.

Tildelingar skjer så lenge det er midlar, og utfrå ei kvar tid gjeldande kriterie for prioritering. Det er inga klagerett på tildeling av tilskotsmidlar frå legat.

Slik søkjer du

Trykk her for søknadsskjema

Trykk her for elektronisk søknad


Sist oppdatert: 21.02.2024
Publisert: 08.03.2021