Følgjekort

Slik søkjer eller fornyar du følgjekortet

Send søknaden og vedlegga til:
Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din – ikkje send søknaden på e-post

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Vi handsamar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva får du?

Du får eit bevis som gjev den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga. Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtek ordninga.

Krav til søkjar

  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Du har hatt ei fysisk eller psykisk funksjonshemming i meir enn to år
  • Nedre aldersgrense for dette tilbodet er 8 år

Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtek ordninga.

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 16.01.2019
Publisert: 19.09.2018