HeimHelse, sosial og omsorgNedsett funksjonsevneBrukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Kven kan søkje om brukarstyrt personleg assistanse?

Om du har nedsett funksjonsevne og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt, personleg assistanse (BPA).
Du som søkjer må ha eit langvarig og stort behov for hjelp.

Slik søkjer du

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester

Søknadsskjemaet kan du sende til:

Meland kommune
ved pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Kva får du?

Du får ein assistent som kan hjelpe deg personleg og hjelpe deg med praktisk husarbeid.

Du styrer sjølv:

  • kven du vil ha som assistent
  • kva assistenten skal gjere
  • når assistenten skal vere hos deg

Dersom du sjølv ikkje kan være arbeidsleiar for assistenten, kan du gi rolla som arbeidsleiar til nokon som kjenner deg godt.

Slik vel du assistent

Du kan velje å ha kommunen som arbeidsgjevar, men vi har òg avtale med HjemmeBest og Uloba.

Her kan du lese meir om HjemmeBest:

Her kan du lese meir om Uloba:

Sjølv om du vel å få hjelp frå eit privat selskap, er det kommunen som er ansvarleg for å følgje opp kvaliteten på tenesta du får.

Kva kostar det?

Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betale ein eigenandel.

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du skal betale.

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 26.11.2018
Publisert: 19.09.2018