Psykisk helse og rus

Psykisk helse- og rusteneste gjev individuell hjelp ut frå behov som kjem fram i søknad og i vurderings- /kartleggingssamtale. Det vert lagt vekt på kor alvorleg den psykiske lidinga er, samt grad av eigenomsorg og sosial isolasjon. Yngre brukarar og brukarar med barn vert prioriterte.

Tenesta er frivillig og blir ikkje gjeve utan at brukar sjølv ønskjer oppfølging og behandling.

Opningstid/praktisk informasjon

Opningstida er hovudsakleg frå klokka 08.00 - 15.30, men også 4 vekedagar fram til klokka 20.00.

Besøksadresse: Havnevegen 41, 5918 Frekhaug.
Psykisk helse- og rusteneste ligg i 2. etasje i rådhuset. Dersom du har time til konsultasjon vender du deg i resepsjonen. Personalet vil følgje deg både opp og ned. Tenesta kan også ytast heime hjå brukaren.

Eit enkeltbesøk/samtale er på 45 minutt.

Målgruppe

Personar over 18 år, busett i Meland kommune, som har ei alvorleg til moderat psykisk liding, samt personar som står i fare for å utvikle misbruk, eller som er avhengige av rusmiddel.

Slik søkjer du

Brukaren kan få kontakt med psykisk helse- og rustenesta ved å sende eller levere eigensøknad. I tillegg til eigensøknad ønskjer me utfyllande opplysningar frå fastlege eller behandlar frå spesialisthelsetenesta.

Ved å søkje gjev ein samtykke til at psykisk helse- og rustenesta kan hente inn naudsynte opplysningar for å behandle søknaden, samt at opplysningar vert registrert og sendt anonymt til Statistisk sentralbyrå. Psykisk helse- og rusteneste samarbeidar med andre hjelpeinstansar etter samtykke frå brukar.

Søknad skal sendast til:

Meland kommune ved Psykisk helse- og rusteneste, Postboks 79, 5906 Frekhaug, eller leverast i resepsjonen på rådhuset.

Vedtak

Seinast 3 veker etter at søknaden er motteken vert det avtalt ein vurderings/kartleggingssamtale som gir grunnlag for vedtak. Skriftleg svar på søknaden skal liggje føre innan 4 veker frå søknaden er motteken.

Kva kostar det?

Psykisk helse- og rusteneste er gratis. Brukaren må sjølv dekke utgifter til medisin og medisinsk utstyr. Eigendel ved opphald i omsorgsinstitusjon følgjer reglane om vederlag for opphald i institusjon.

Innhaldet i tenesta

Tenester blir tildelt ved enkeltvedtak der omfanget og innhaldet av tenestetilbodet går fram.

Ved oppstart av tenestetilbodet får brukarane ein fast primærkontakt og eventuelt ein sekundærkontakt.

Ved behov kan tenesta vise brukaren til spesialisthelsetenesta, til dømes poliklinisk behandling, behandling i heildøgns rusinstitusjon eller legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

I påvente av rusbehandling i spesialisthelsetenesta eller som skjerming/skadereduksjon, kan det søkjast om plass i privat omsorgsinstitusjon. Tenesta vil ha kontakt med brukar, og følgje opp under og etter institusjonsopphaldet.

Brukaren får melding dersom det i vedtaksperioden blir endringar i avtalt tid for hjelp.

Kva kan vi hjelpe med?
  • Samtalar og behandling for å skape innsikt i brukaren sin situasjon, konkretisere tiltak, gje råd og rettleiing om korleis ein kan gjennomføre desse.
  • Hjelp til å strukturere kvardagen. Ved behov gje miljøterapi og oppfølging i eigen bustad med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.
  • Hjelp til å finne meiningsfulle aktivitetar tilpassa brukaren sine ønskje og ressursar.
  • Utarbeide individuell plan i samarbeid med brukaren når det er trong for langvarige og koordinerte tenester.
  • Etablere ansvarsgruppe dersom det er behov for samordna tenester.
  • Samarbeide med til dømes fastlege og spesialisthelsetenesta, og gje hjelp til medisinhandtering.
  • Motivere til, etablere og følgje opp behandlingsopplegg med sikte på at brukaren skal redusere eller halde seg borte frå misbruk av rusmiddel som alkohol, medikament eller illegale rusmiddel.
  • Gje råd og rettleiing til pårørande etter samtykke frå brukar.
  • Skadereduksjon etter omfattande rusmiddelbruk.
  • Vurdere innlegging i institusjon utan eige samtykke/fremja sak i Fylkesnemnda dersom ein set si eiga fysiske og/eller psykiske helse i fare ved omfattande rusmiddelmisbruk.
  • Ansvar for tiltak overfor gravide rusavhengige, mellom anna ved å vurdere/fremje sak i Fylkesnemda dersom det er aktuelt med innlegging i institusjon utan eige samtykke dersom fare for skade på foster.
  • Å undersøkje saka nærare ved melding frå pårørande ved omfattande rusmiddelmisbruk.
  • Oppfølging etter sjølvmordsforsøk.
  • Observasjon og hjelp i høve akutte psykiske helseproblem.
  • Følgje opp varselsignal hjå brukaren og utarbeida kriseplan saman med han/henne.
  • Gje informasjon om psykisk helse og førebygging av psykiske helseskadar.
  • Vi legg vekt på brukarmedverknad. Brukaren skal oppleve kontinuitet og kjenne seg trygg.
  • Samarbeide med interne og eksterne instansar i enkeltsaker og ta del i arbeidet med å førebyggje psykiske helseskadar i befolkninga.
  • Rettleie andre tenesteeiningar om psykisk helsearbeid.
Forventningar vi har til deg
  • Vere deltakande og ta ansvar for eigne problem.
  • Gje melding om du ikkje kan møte til avtalt tid.
  • Gje tilbakemelding dersom ein ikkje er nøgd med tenestetilbodet.
  • Vise forståing dersom personalet må prioritere akutte hendingar.
  • Gje tenesta skriftleg samtykke til å samarbeida med andre hjelpeinstansar for ei heilskapleg behandling.

Kontakt

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du har motteke dette. I klaga skal du skrive kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Du kan få rettleiing av den som er sakshandsamar.

Klaga sender du til:

Meland kommune ved Psykisk helse- og rusteneste
Postboks 79
5906 Frekhaug

Klageinstans er etter Kommunehelsetenestelova til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Før klagen vert sendt dit, vil psykisk helse- og rusteneste vurdere om det er grunn til å endre på vedtaket. Dersom dette vert oppretthalde, blir saka sendt til Fylkeslegen.

Kvalitetsmål

  • Gje menneske med psykiske lidingar rett hjelp til rett tid
  • Gje rusavhengige personar rett hjelp til rett tid
  • Den enkelte skal oppleva å bli møtt med respekt og likeverd

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 26.11.2018
Publisert: 04.05.2018