Frekhaug legesenter

 

Kontakt Frekhaug legesenter

Telefon: 56 17 11 10
Akuttnummer: 56 17 11 13
Nordhordland legevakt: 116117

Ved akutt fare for liv: ring 113 (AMK sentralen)

 

Opningstider

  Måndag - torsdag Fredag
Telefon 08.30 - 11.00 og 13.00 - 14.30 09.00 - 11.00 og 13.00 - 14.30
Ekspedisjon 08.30 - 15.00 09.00 - 15.00
Laboratorium 08.30 - 11.30 og 12.30 - 13.30 09.00 - 11.30 og 12.30 - 13.30

Bestille time på nett

Du som har fastlege ved Frekhaug legesenter kan bestille time og fornye reseptar på SMS eller internett. For meir informasjon og prisar kan du sjå: Frekhaug legesenter si heimeside.

Alle fastlegane på Frekhaug legesenter har no opna opp for timebestilling på nett via HelseNorge. I sommar vil det vera redusert antall timar tilgjengeleg på nett. Om det er behov for dobbeltime, ta kontakt med oss på telefon (eksempel fjerning av føflekk, enkelte mindre kirurgiske inngrep, behov for tolk, første svangerskapstime med meir). For meir informasjon om tenesta, logg deg inn på "MinSide" på www.helsenorge.no. Hugs at du må samtykke til digitale tenester før du kan ta dei i bruk. Du kan framleis ringje oss for time, eller sende melding via Helserespons (betalingsteneste). Ved behov for akutt time same dag ta kontakt på telefon 56 17 11 10.

Vikar for dr. Lars Moland

Dr. Moland har permisjon fram til 1. november. Vikar er dr. Jon Fredrik Hole. Det vert "time same dag" som tidlegare. Det er diverre ikkje mogeleg å bestille time på helsenorge.no til vikar. Time må derfor bestillast på telefon, SMS eller ved kontakt i luke.

Tilbod

  • Allmennpraksis innan rammene for fastlegeordninga
  • Øyeblikkeleg/akuttmedisinsk hjelp på dagtid
  • Jordmortenester
  • Offentleg arbeid innan offentlege tenester som til dømes helsestasjon, sjukeheim, smittevern, miljøretta helsevern

Kven er vi?

  • 6 fastlegar med fastlegeavtale med Meland kommune
  • Fast plass for 1 turnuslege
  • Jordmor dei fleste dagar i veka

Saman med Helsenaustet legepraksis har vi og ansvar for daglegevakt for kommunen sine innbyggjarar. Vi har og avtale med Universitet i Bergen om studentundervisning og studentutplassering. Frekhaug legesenter samarbeider med Helsenaustet legepraksis om akutthjelp, samt ved fråvær, avvikling av ferie og så vidare.

Kva kan du forvente?

  • Allmennpraksis innan rammene for fastlegeordninga
  • Øyeblikkelig/akuttmedisinsk hjelp på dagtid frå klokka 08.00 - 15.30 ut i frå medisinsk behov
  • Svangerskapskontrollar og jordmortenester
  • Å bli møtt på ein venleg og respektfull måte
  • Å bli møtt av kompetent fagpersonell som held seg fagleg oppdatert
  • At du blir tatt med på råd om utgreiing og behandling
  • At du får tilbakemelding ved unormale prøvesvar
  • At personalet samarbeider til det beste for deg som pasient
  • At vi samarbeidar med andre kommunale helsetenester der det er naudsynt, som helsestasjon, avdeling for psykisk helse, heimetenestene, fysioterapeutane med fleire

Kva forventar vi av deg som pasient?

  • At du møter presis til avtalt time
  • At du gjev beskjed i luka ved endring av navn, adresse, telefonnummer eller arbeidsgjevar
  • At du gjev beskjed så snart du har fått frikort. Dette får vi ikkje automatisk beskjed om frå Helfo
  • At du betalar i betalingsmaskina på venterommet før du går - kontant eller med bankkort (gebyr kroner 5)
  • At du avbestiller timen seinast 24 timar før, dersom du ikkje kan møte
  • At du viser tålmod ved forseinkingar. Av og til er pågangen stor, eller andre har behov for akutthjelp. Neste gang kan det vere du som treng litt ekstra tid

Reisemedisin

Kommunen har ikkje tilbod om reisemedisin. Helsenaustet Legepraksis har tilbod om reisemedisin enkelte dagar. Meir informasjon finn du på Helsenaustet Legepraksis si heimeside.

Klage

Ved klage på medisinsk behandling vil Fylkesmannen i Hordaland vere overordna klageinstans. Dei fleste klagar kan imidlertid løysast på eit lågare nivå. Dersom du ikkje er nøgd med oppfølginga bør du ta saka opp med den legen det gjeld. I neste runde kan saka eventuelt meldast til kommuneoverlegen. Du har og rett på ei fornya vurdering ("second opinion") hjå ein annan fastlege, utan å måtte klage. Kommunen si overordna administrative og politiske leiing har ansvar for tilstrekkjelege ressursar og kapasitet i fastlegeordninga og den øvrige kommunale helsetenesta.

Krav om økonomisk erstatning for feilbehandling i kommunen eller sjukehus rettast til Norsk Pasientskadeerstatning.

Andre opplysningar

Systemfagleg ansvarleg for legetenesta er kommuneoverlege Tord Moltumyr

E-post: Vi har ikkje godkjent løysing for bruk av e-post. Vi tilrår difor å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Kommunen vart tilkopla Norsk Helsenett i desember 2009.


Sist oppdatert: 02.09.2019
Publisert: 04.05.2018