Krisesenter

Målgruppe

  • Har du vore, eller er du utsett for vald eller mishandling?
  • Har du problem med å avgjere for deg sjølv kva det er som skjer?
  • Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon?
  • Treng du nokon du kan stole på?

Ta kontakt med krisesenteret så kan vi saman prøve å finne løysingar. Du kan vere anonym.

Kontakt

Du kan kontakte krisesenteret i Bergen på telefon 55 31 50 50. Telefonen er døgnopen.

Krisesenteret har hemmeleg adresse. Dei tilsette avtalar ein møtestad med deg når du tek kontakt.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Tilbod

  • Eit menneske som lyttar til det du ønsker å fortelje.
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte.
  • Eit tilbod om ein trygg og mellombels bustad.
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, NAV eller andre.
  • Eit særleg fokus på barn i familiar der det blir brukt vald.
  • Hos oss skal du oppleve tryggleik og omsorg. Dei tilsette hjelper med praktiske ting.
  • Overnattingsplass med kvinner og menn i ulike hus.

Alle dei tilsette på krisesenteret har teieplikt. Har du behov for tolk, så ordnar vi dette.

Les meir

Les meir på heimesida til krisesenteret i Bergen.


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 21.09.2018