Kommunepsykolog

Tenestetilbod

Kommunepsykologen tilbyr hovudsakleg psykisk helsehjelp til barn og unge med milde til moderate psykiske lidingar. Dette kan innebere kartlegging, behandling og rådgjeving i ein kortare periode. Sterke symptom på angst, depresjon og åtferdsvanskar vert prioriterte.

Det vil og vere fokus på å gje psykisk helsehjelp til barn og unge som er i risiko for å utvikle psykiske lidingar, til dømes ved reaksjonar på kriser eller belastningar. Kommunepsykologen skal vere eit lågterskeltilbod med fokus på førebygging og meistring.

Samtalane vil hovudsakleg finne stad i kontorlokala til avdeling for psykisk helse og rusteneste eller Frekhaug helsestasjon. Ved behov kan samtalane haldast ute på skulane.

Helsehjelpa vil ha eit korttidsperspektiv.

Kommunepsykologen sine arbeidsoppgåver
  • Psykisk helsehjelp til hovudsakleg barn, unge og familiar
  • Konsulterande helseteam i kommunen
  • Psykososialt kriseteam i kommunen
  • Samarbeide med og bistå med rettleiing til psykisk helseteam, barnevern, PPT, fastlegar, helsestasjon, skule og barnehage ved behov
  • Undervisning til samarbeidspartar om relevante tema for barn og unge si psykiske helse
  • Bidra til planlegging og gjennomføring av helsefremjande tiltak knytt til det psykososiale miljøet for barn og unge i kommunen

Målgruppe/villkår

  • Dei som nyttar tilbodet må ha bustadadresse eller ha opphald i Meland kommune.
  • Barn og unge i aldersgruppa 0 – 23 år vil prioriterast. Er du over 23 år bed vi deg kontakte avdeling for psykisk helse og rusteneste.
  • Dersom barnet har behov for utgreiing av lærevanskar eller treng tilpassing i barnehage/skule skal dette gjerast gjennom PPT.
  • Har du behov for meir omfattande og langvarig behandling, kan det hende du treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Barn og unge som har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester skal tilvisast BUP Nordhordland, eller Bjørgvin DPS Nordhordland dersom personen er fylt 18 år. Henvisning kan utarbeidast av fastlegen som kjenner til denne rutinen.
  • Det vert forventa at ein nyttiggjer seg av tilbodet. Ved for mange avbestilte konsultasjonar vil det vurderast avslutting av tilbodet.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt

  • Van Ly Nguyen
    Kommunepsykolog
    Telefon: 56 17 10 00
  • Besøksadresse: Meland kommune, Havnevegen 41, 5918 Frekhaug
  • Postadresse: Meland kommune (Frekhaug helsestasjon), Postboks 79, 5906 Frekhaug

Vi ynskjer at henvisning skal kome gjennom fastlege, helsesjukepleiar, PPT eller barnevern. 

 


Sist oppdatert: 11.06.2019
Publisert: 13.06.2018