Helsestasjonen

Opningstider og kontakt

Måndag til fredag: klokka 08.00 - 15.30.

Helsestasjonen heldt til i Rådhuset på Frekhaug.

  • Besøksadresse: Havnevegen 41, 5918 Frekhaug
  • Postadresse: Postboks 79, 5906 Frekhaug

Ønskjer du time hos jordmor bed vi om at du ringjer Frekhaug legekontor på telefon 56 17 11 10.

Tilsette

Helsesjukepleiarar
Jordmødre
  • Valborg Nes
    Telefon: 56 17 11 10/ mobil: 47 90 79 43
  • Lisbeth Øren Austgulen
    Telefon: 56 17 11 10/ mobil: 48 18 33 11

Ønskjer du time hos jordmor ber vi om at du ringjer Frekhaug legekontor på telefon: 56 17 11 10

Sekretærar
  • Ingelin Tveit Rossland
    Telefon: 56 17 11 00
  • Åse Norunn Myklebust
    Telefon: 56 17 11 00

Helsestasjon for barn 0-5 år

Når du har født eller adoptert eit barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for heimebesøk. Kontakten vert oppretta på bakgrunn av ei rutinemessig melding om fødsel frå fødeklinikk til helsestasjon. Nytilflytta familiar vert oppfordra til å ta kontakt med helsestasjonen.

Helsestasjonen har eit fastsett program for oppfølging og helseundersøking av barn. Nokre familiar får tilbod om individuell oppfølging utover fastsett program. Meland Kommune vil i løpet av 2018 jobbe med å innføre nytt helsestasjonsprogram etter tilrådingar fra helsedirektoratet.

Målet med helsestasjonsprogrammet
  • At foreldre opplever meistring i foreldrerollen
  • Å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
  • Å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn
  • Å førebyggje, avverge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
  • Å bidra til at barn får oppfølging og henvisast vidare dersom det er naudsynt
Faste helseundersøkingar i Meland kommune
Faste helseundersøkingar
Alder Type Vaksine
Nyfødde Heimebesøk  
2-4 veker Vekt og hovudomkrets  

6 veker 

Helsesøster og lege Vaksine
3 månadar Helsesøster  Vaksine
4 månadar  Helsesøster og fysioterapeut i gruppe   
5 månadar  Helsesøster  Vaksine 
6 månadar  Helsesøster og lege   
8 månadar  Helsesøster   
10 månadar  Helsesøster  
12 månadar  Helsesøster og lege   Vaksine 
15 månadar Helsesøster  Vaksine
18 månadar  Helsesøster   
2 år  Helsesøster og lege   
4 år  Helsesøster   

Skulehelsetenesta

Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei høyrer til. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og arbeider for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebygge sjukdom og skade. Tilbodet er gratis. 

Helsesjukepleiar har fast kontortid ved kvar enkelt skule og kan kontaktast direkte.

Helsesjukepleiarar på dei ulike skulane
Helsesøstre på skulane
Skule Helsesjukepleiar E-post
Rossland barneskule Kjersti Soldal kjersti.soldal@meland.kommune.no
Rossland ungdomsskule Charlotte Lunner charlotte.lunner@meland.kommune.no
Vestbygd skule

Bente Monstad Olsen

bente.monstad.olsen@meland.kommune.no

Sagstad skule

Siv Mjelstad


Linn-Merete Fugelsbø

siv.tveit.mjelstad@meland.kommune.no


linn-merete.fugelsbo@meland.kommune.no

 

Grasdal skule Maria Skjelanger maria.kristine.skjelanger@meland.kommune.no
Meland ungdomsskule

Maria Skjelanger

Bente Monstad Olsen

maria.kristine.skjelanger@meland.kommune.no


bente.monstad.olsen@meland.kommune.no

Danielsen ungdomsskule

Kjersti Soldal

Charlotte Lunner

kjersti.soldal@meland.kommune.no

charlotte.lunner@meland.kommune.no

Helsesjukepleiar samarbeider med mange ulike faggrupper etter behov. Alle skular har kontaktpersonar med helsefagleg, sosialfagleg og pedagog/psykologisk kompetanse.

Skulehelsetenesta gjev tilbod om:
  • Helseundersøkingar, helseopplysning og rettleiing, individuelt, i grupper eller klassevis
  • Barnevaksinasjonsprogrammet
  • Helsesjukepleiar deltek fast på møter i skulens helseteam. I samarbeid med skulen kallar vi inn alle elever med høgt fråvær til samtale
  • Saman med skulen sitt øvrige personale har skulehelsetenesta ansvar for å følgje opp elevar med spesielle behov og tilretteleggje forholda best mogleg
  • Miljøretta tiltak med fokus på eleven sitt arbeidsmiljø

Med dei føresette si tillating overførast barnet sin journal frå helsestasjonen til skulehelsetenesta, og seinare ved overgang til ungdomsskulen eller ved flytting til ny skule.

Hvis du har flytta ønskjer vi at du tek kontakt med din tidlegare helsestasjon eller skulehelseteneste, slik at journalen til barnet ditt blir sendt til helsesjukepleiar ved den skulen barnet tilhøyrer no.

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HfU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 22 år. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje bestille time. På helsestasjon for ungdom treff du helsesjukepleiar og lege. Dei tilsette har teieplikt.

Opningstid: Onsdagar klokka 14.30 - 17.30
Opningstidene føl skuleruta.

Stad: Frekhaug helsestasjon, rådhuset

Kva kan du få hjelp til?
  • Rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon
  • Spørsmål i samband med seksualitet
  • Snakke om ting som er vanskeleg, anten det er fysisk eller psykisk helse
  • Eteforstyrringar
  • Problem i forhold til rus
  • Rettleiing i samband med graviditet
  • Vanskar heime, på skulen, eller med vener
  • Opplevingar kring vald, overgrep og mobbing
  • Du kan ta klamydiatest og graviditetstest her
  • Ved behov for anna hjelp kan vi henvise deg vidare til andre som kan hjelpe deg

Svangerskap, fødsel og barselomsorg

Er du gravid kan du få oppfølging av lege eller jordmor, eller ein kombinasjon av desse gjennom svangerskapet. Gravide kan få tilbod om første konsultasjon tidleg i svangerskapet, og treng ikkje vente til veke 14 for å få konsultasjon med jordmor.

Ønskjer du time hos jordmor ber vi om at du ringjer Frekhaug legekontor på telefon: 56 17 11 10.

Nyttige lenkjer og brosjyrar
Ammerettleiing

Helsestasjonen i Meland kommune er godkjend som ammekyndig helsestasjon.

Jordmødrene gjev ammeførebuande informasjon under svangerskapet. Etter fødsel vil alle helsesjukepleiarane og jordmødrene kunne tilby ammerettleiing. Vi føl faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming.

Informasjon om amming på helsenorge.no

Ammehjelpen

Video som viser korleis ein koplar barnet til brystet

Barselgrupper

Helsestasjonen gjev tilbod om deltaking i barselgruppe, og legg til rette for etablering av barselgrupper når barnet er rundt 4 veker. Helsestasjonen sender innkalling til mor og barn til første gruppesamling på helsestasjonen.

Foreldrerettleiing

Meland kommune tilbyr ICDP foreldrerettleiingskurs i regi av helsestasjon.

Familiar kan i periodar trenge ekstra hjelp og støtte. Råd og rettleiing kan gjevast av ulike tenester som helsestasjon, PPT, eller barnevern.

Familiar kan henvende seg til helsestasjonen for råd og rettleiing.

Meir informasjon om ICDP foreldrerettleiingsgrupper

Orientering om journalføring

Helsestasjonen pliktar å føre journal med helseopplysingar. Journalføringar vert gjort på bakgrunn av kva helsepersonell pliktar å skrive ned, og på bakgrunn av kva dei ut frå ei fagleg forsvarleg vurdering finn naudsynt og hensiktsmessig. Journalen skal i hovudsak bidra til kvalitet og kontinuitet i behandling, slik at barnet får best mogleg oppfølging på helsestasjonen. I sped- og småbarnsalderen, og så lenge det er naturleg, er det dei føresette som ivaretek rettar barnet har som brukar av helsestasjonen.

Innsynsrett, overføring av journal og nasjonalt vaksinasjonsregister

Innsynsrett

Føresette har som hovudregel rett til innsyn i samtlege opplysningar som omhandlar barnet. De har også rett til kopi av desse opplysningane. Ved utskrift/innsyn av journal får de tilbod om gjennomlesing saman med fagperson.

Overføring av journal

Hovudregelen er at journal skal overførast til ny helsestasjon ved flytting. Dette for å sikre ein fagleg forsvarleg oppfølging. Har de spørsmål i forbindelse med oversending av journal, kan de ta opp dette med helsestasjon før flytting.

Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK

Alle vaksinar som barnet får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, blir registrert i SYSVAK. Føremålet med SYSVAK er å halde oversikt over vaksinasjonsstatus hjå den enkelte, og å følgje med på vaksinasjonsdekninga på landsbasis. Det er ikkje mogleg å reservere seg mot registrering av vaksinasjon.

Vaksinar

Helsestasjonen tilbyr dei vaksinane som inngår i barnevaksinasjonsprogrammet. Vaksinane vert sett i samband med dei fastsatte helseundersøkingane. Ta kontakt med fastlegen din eller reisevaksinasjonskontoret (Helsenaustet) for andre vaksinar utanom program.

Les meir om barnevaksinsasjonsprogrammet på Folkehelseinstituttet si side.

Nyttige informasjonsbrosjyrar og lenkjer

Utvikling

Tilrådingar for å førebygge skeivt hovud og favorittside

Barns føtter

Helsestasjonstjenesten - Ei trygg kjelde til kunnskap om sped- og småbarns utvikling og psykiske helse

Film om barns motoriske utvikling 0-15 månader

Samspel

Din fantastiske baby - Film, Stine Sofie stiftelsen

Sjå kva eg ser - om barnet si sosiale utvikling

Psykiske reaksjonar i svangerskap og barseltid

Alkohol kan skape utryggleik hos barnet

I trygge hender - Film

Tips til foreldre om mobilbruk

Tannhelse

Puss, puss frå første tann

Film om tannhelse på ulike språk

Amming/ernæring/kost

Mat og måltid for spebarn

D-vitamindråpar

Korleis du ammar ditt barn, nokre råd den første tida

Kostråd frå helsedirektoratet

Video om amming

Ammehjelpen

Helsenorge - etter fødsel/amming - om amming, oppbevaring av morsmelk, samt brosjyrar om amming på ulike språk

Matpotalen - om mormelkerstatning

Matportalen - om ernæring til barn

Tryggmammamedisin - om trygg medisinbruk under amming

Breast feeding attachment - movie

Måltidet - ein verdi å ta vare på

Vaksinar

Folkehelseinstituttet - om vaksinasjon

Vaksinasjon, ein foreldrebrosjyre

Sjukdommar barnet ditt vert tilbydd vaksine mot

Vaksine mot HPV

Filmar om barnevaksinasjon - folkehelseinstituttet

Førebygging av ulykker/tryggleik i heimen

Når barnet skadar seg, råd til småbarnsforeldre om førstehjelp

Barns miljø og tryggleik 0 - 6 månadar

Barns miljø og tryggleik 6 månadar - 2 år

Forgiftningar kan unngåast

Trygt sovemiljø for spedbarnet

Giftinformasjon - helsenorge

Giftplakat

Trafikktryggleik

Riktig beltebruk

Tryggtrafikk - om sikring av barn i bil

Gode råd til foreldre

Når barnet ditt har ørebetennelse

Når barnet ditt har feber

Gode råd for god reise

Foreldrehverdag - svært nyttige tips og råd om foreldreskap, basert på foreldrerettleiingsprogrammet ICDP

Voksneforbarn - råd rundt mange ulike tema

Barnevakten - om barn og medier

Statens strålevern mot solbeskyttelse

Kva bør eg vite når barnet mitt går på nett?

For ungdom

Festrelatert voldtekt

Vaksine mot HPV


Sist oppdatert: 05.09.2019
Publisert: 04.05.2018