NAV Meland

Kontakt

Telefon NAV: 55 55 33 33

Opningstider NAV
Måndag Klokka 11.00 - 14.00

Tysdag

Stengt
Onsdag Klokka 11.00 - 14.00
Torsdag Stengt
Fredag Klokka 11.00 - 14.00
Økonomisk sosialhjelp

Om ein kjem opp i eit situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.

Det kan vere:

  • Økonomisk yting frå kommunen
  • Råd og rettleiing, eller hjelp i form av bustønad til høge buutgifter.

Det vert kravd dokumentasjon på familien sine inntekter og utgifter. I enkelte tilfelle kan det vere naudsynt å avtale time med sakshandsamar for nøyare gjennomgang.

For å søkje om økonomisk sosialhjelp må du vende deg til NAV Meland for utfylling av skjema.

Søknadsskjema

Hugs å ikkje sende senisitiv informasjon på e-post. 

Bustøtte

Dersom du ønskjer å søkjer bustøtte kan du ta kontakt med NAV Meland på telefon 55 55 33 33.

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Kvar finn du bustøttekontoret i kommunen?

NAV Meland, Meland rådhus, Havnevegen 41, 5918 Frekhaug. Telefon: 55 55 33 33

Sjekk om du kan få bustøtte

På Husbanken sine heimesider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrense som gjeld. Du kan også prøve bustønadkalkulatoren.

Søk bustøtte

Søknadsfrist for bustøtte er den 25. i kva månad. Utbetaling skjer rundt den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får innvilga bustøtte vert søknaden din overført til neste månad. Dersom du får avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt korrekte opplysningar i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket kan du klage innan 3 veker etter at du mottok vedtaket.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine heimesider. Du kan også vende deg til NAV Meland for å få hjelp og veiledning.

Regelverk

Lov om bustøtte
Forskrift om bustøtte

Kontaktperson

Startlån og bustadtilskot

Startlån kan vere ein mogeleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin.

Kontaktperson

Gjeldsrådgjeving

NAV Meland gjev økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan vere frå å hjelpe med å setje opp realistiske budsjett til å bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar. 

Ynskjer du bistand til å styre din eigen økonomi eller dersom du har gjeldsproblem, kan du tinge time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis.

Du kan og ringe på den landsdekkjande telefonen for økonomisk rådgjeving som er 800 45 353. Der kan du få råd og rettleiing.

Kontaktperson

Mellombels bustad og søknadsskjema kommunal bustad

Kommunen skal sørgje for mellombels bustad til den som har eit akutt bustadbehov. NAV Meland har plikt til å handsame saka så snart som råd er.

Søknadsskjema for kommunal bustad

Flyktningar

NAV Meland har ansvar for mottak og etablering av nye flyktningar i kommunen

  • Å skaffe bustad
  • Etablering
  • Økonomiske rettar
  • Språkpraksisplass
  • Introduksjonsordning
  • Praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet

Flyktningar vert busette etter avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI).


Sist oppdatert: 26.11.2018
Publisert: 25.04.2018