NAV Alver

Kontakt NAV

Opningstider

Ope for timeavtalar alle kvardagar kl 09.00 – 14.30

Ope for alle kl 10.00 – 12.00 Måndag, tysdag, torsdag og fredag (stengt onsdag)

Du finn oss i 1. etasje, Kvernhushaugane 2.

Økonomisk sosialhjelp

Om ein kjem opp i ein situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.

Det kan vere:

  • Økonomisk sosialhjelp
  • Råd og rettleiing
  • Er du i ein økonomisk naudsituasjon? Då kan du søkje naudhjelp på søknadsskjema sosialhjelp. Ring gjerne direkte til NAV Alver på tlf: 45 83 92 43 (kl. 10.00-13.30) eller kontaktsenteret på tlf: 55 55 33 33 (kl.09.00-15.00)

Søknaden må dokumenterast. I søknadsskjemaet finn du informasjon om kva dokumentasjon NAV treng for å handsame søknaden din.

Slik søkjer du om sosialhjelp

Du kan no søkje om sosialhjelp digitalt i vår kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.
For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med Bank-id eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Commfides.

Viss du av ulike årsakar ikkje kan eller ynskjer å nytte deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt søkje på papir og sende eller levere i postkasse.

Søknad om økonomisk sosialhjelp sendast/leverast til NAV Alver. 
Postadresse: Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø.

Trykk her for å søke om sosialhjelp.

Vakttelefon

Ring telefon 45 83 92 43 for spørsmål om sosialhjelp - open klokka 10.00–13.30

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 eller vakttelefon sosial NAV Alver på 45 83 92 43 og få rettleiing over telefon. 

Mer informasjon

På menyen på nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finner du meir informasjon. Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no

Gjeldsrådgjeving

NAV Alver tilbyr økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innebere hjelp med å sette opp budsjett eller bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar. 

Du kan bestille time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis. Kom gjerne innom gjeldsrådgjevar på NAV Alver tysdagar mellom klokka 10.00 og 12.00. Du treng ikkje bestille time.

Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33, eller vakttelefon til gjeldsteamet på telefon 48 40 54 51 for gjeldsrådgjeving. Vakttelefonen er open tysdag til torsdag frå klokka 10.00 til 13.30. Du kan og sende beskjed via ditt NAV på www.nav.no.

Besøk oss på NAV Alver, Kvernhushaugane 2

Du kan få råd og rettleiing ved å ringe den landsdekkjande telefonen 
55 55 33 39 for økonomisk rådgjeving, eller du kan chatte med NAV om spørsmål knytt til budsjett, økonomi og gjeldsrådgjeving.

Chat med NAV gjeldsrådgjeving

Søknad om økonomisk gjeldsrådgjeving

Trykk her for å laste ned fullmakt ved økonomisk rådgjeving

Ta vårt enkle nettkurs - få tips som kan betre økonomien din

Dette er eit kurs for alle – uansett inntekt og forkunnskapar om økonomiske forhold.

På kurset får vi følge Ole som leiger leilegheit og jobbar som butikkmedarbeidar. Han fortel ofte at han ikkje har pengar igjen når månaden er slutt. Han slit med å få endane til å møtast.

Korleis går det med Ole når han begynner å sjå nærare på sitt eige forbruk?

Kurset tar utgangspunkt i ei praktisk tilnærming til Ole sin økonomi, der råd som blir gitt til Ole kan overførast til eigen økonomi.

Kva grep kan du ta i ditt eige budsjett? Kjem Ole til å få moglegheit til å realisere eigne draumar når det gjeld økonomi? Kva risikoar finst med tanke på lån/kreditt? Og kva må du gjere når du får brev frå namsmannen?

Her er det med andre ord mykje god kunnskap og nyttige tips å få med seg, til glede for din eigen økonomi.

Trykk her om du vil ta kurset og finne ut kva som skjer med økonomien til Ole 

Mellombels bustad

NAV skal hjelpe deg med å finne eit mellombels butilbod viss du heilt akutt ikkje har ein stad å sove og opphalde deg neste døgn. Vi rår deg til å møte opp på NAV Alver dersom dette gjeld deg.

Meir informasjon kan du lese her.

Flyktningetenesta

Trykk her for informasjon om introduksjonsprogram for nyankomne flyktningar.

Trykk her for informasjon om helsetenester til flyktingar og andre migrantar.

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng oppfølging for å klare det.

For meir informasjon kan du lese her, eller ta kontakt med NAV Alver på telefon 55 55 33 33.

Trykk her for søknadsskjema kvalifiseringsprogrammet

På heimesida til NAV finn du informasjon om ledige stillingar, vegvisar til informasjon som er tilpassa deg og din situasjon. Her finn du og informasjon om søknad og søknadsskjema.

Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem.

All informasjon om opplysning, råd og rettleiing finn du her.

Jobbverkstad - gruppetilbod til ungdom

Dersom du er utan skuleplass, lærlingplass eller arbeid kan du registrere deg som arbeidssøkjar på nav.no.

Slik søkjer du

Du søkjer via NAV si heimeside her.

Tysdagstreff og jobbverkstad for ungdom

Velkommen til jobbverkstad kvar tysdag og torsdag frå klokka 09.30 - 12.00 på Jobbsenteret til NAV Alver.

Her kan du som er mellom 18 og 30 år få hjelp til å bli ein del av arbeidslivet. 

På jobbverkstaden kan vi sjå på CV'en din, hjelpe med jobbsøknad, øve på intervju, og du kan få møte ulike arbeidsgivarar.

Det er også mogleg å ha individuelle samtalar viss du ønskjer det. 

Ressursgruppa i Nordhordland Næringslag er også tilgjengeleg for ein prat. 

Me håpar at det å møte andre i same situasjon, kan motivere deg. Me ønskjer at du skal sjå moglegheiter og hjelpe deg ut i arbeid. 

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med: 

Inkluderingsdugnaden

Inkluderingsdugnaden er eit felles samfunnsoppdrag for å få fleire i jobb.

Ta kontakt med NAV dersom verksemda di treng bistand i rekrutterings- og inkluderingsarbeidet.

Trykk her for meir informasjon frå NAV om dette

Trykk her for å sjå kampanjefilmen

NAV Arbeidslivssenter (for verksemder)

NAV Arbeidslivssenter Vestland hjelper verksemder med å redusere sjukefråveret, styrke inkluderinga og betre arbeidsmiljøet.

Senter for Jobbmestring er knytta til NAV Arbeidslivssenter Vestland.

Spørsmål kan og rettast til NAV Arbeidsgjevartelefon 55 55 33 36

Andre som skal ha kontakt med NAV kan ringa 55 55 33 33

Klikk her for kontaktinfo: Kontakt NAV Arbeidslivssenter Vestland - nav.no


Sist oppdatert: 15.12.2023
Publisert: 30.08.2019